Skip to main content

Sundal

Sundal med Bondhus er porten til Folgefonna Nasjonalpark og har vore turistmagnet i over 120 år.

Hovudstaden i Mauranger

Sundal kan nok reknast for å væra eit hovudsete i Mauranger sidan bygda har skule, barnehage og samfunnshus. Dei fleste arbeidsplassane i Mauranger finns her, med Sjøtroll sitt landanlegg for laksesmolt, og med oppvekstsenteret sine tilsette. Ein del av innbyggjarane driv og med turisme som servering og overnatting:  Mauranger Kro og Sundal Camping.

Framtida for bygda er lovande, og fleire unge har kome heim att å busett seg her. I barnehagen er det pr. i dag 11 born frå heile Mauranger og Ænes.

Turistbygd og gjestgjevarstad

Allereie på slutten av 1800 talet kom turistane inn her i hopetal. Dampskip klappa til kai med engelske og tyske turistar, som kom for å oppleva den vakre naturen, Bondhusbreen og Folgefonna.

Det gamle Sundal gjestgiveri  frå 1889 er ikkje lenger i drift, men  gjesteboka har mange fordums storkarar og rike byfruer si underskrift med takksemd til eit dugande vertskap.

I byrjinga av 1860 talet blei det eksportert is frå breen til England, dette tok slutt ettersom isen smelta før den kom fram. Sundal fekk vegutløysing i høve kraftutbygginga i 1969.

Fiske og friluftsliv

Bondhuselva har alltid vore ei god lakseelv, og ein tur på fjorden gjev som oftast fangstresultat. Dersom du ynskjer meir fysiske gleder kan du ta ein spasertur inn Bondhusdalen til vatnet og breen. For dei som vil til topps kan det å følja den gamle ridestien til Gardshammar, via Breidablikk til Fonnabu, garantert gjeva turminner for livet.