Skip to main content

Mauranger samfunnshus

Mauranger Samfunnshus ligg i Sundal og har fram til nyleg bestått av skule, barnehage og samfunnshus.

Vårt mål

Bygdalaget er i skrivande stund i forhandlingar om å overta barnehage- og eventuelt skuledel frå Kvinnherad kommune.

Målet er å få på plass avtalar som sikrar økonomisk drift av bygget i bygdalagsregi. Det har vore samla innspel til kva fleire aktivitetar og innhald innbyggarane ynskjer i framtida. Her er det mange moglegheiter, i tillegg til den gode aktiviteten som allereie er på plass. Mellom anna er det ynskje om ungdomsrom/klubb, bibliotek/kontorfelleskap og treningsrom.  

Kort om leige av Mauranger Samfunnshus

Bygdalaget ynskjer at samfunnshuset skal brukast. Utover faste aktivitetar er det god kapasitet til å leige deler av bygget. Storkjøkkenet er nyleg oppussa og gymsalen er svært fleksibel, med bord/stolar, samt videokanon og PA-anlegg. Ut over dette er det mogleg å leige mindre rom.

Kontakt for leige

Reglement

Følgjande er påkravd for å leige lokaler i samfunnshuset:

  • Ansvarleg person over 18 år avtalar leige.  
  • Ansvarleg person hentar og leverar attende nøkkel. 
  • Ansvarleg person signerer ansvarsavtale.
  • Leigar har satt seg inn branninstruks.
  • Lokale skal vere reingjort og godkjent etter bruk.

Medlemmer av Ænes og Mauranger Bygdalag får leige Samfunnshuset/ Kjøkken /Utstyr til medlemspris. 

Ved bygdalaget sine tilskipingar kan det seljast alkohol, men det krev ambulerande skjenkeløyve for øl og vin frå kommunen. Det kan og serverast alkohol ved private tilskipingar, leigar er då ansvarleg.