Skip to main content

Aktivitetar og lag

Turnemnda inspirerer bygdafolket til å koma seg opp av sofaen og ut på tur. Kvart år merkar turnemda opp nye turløyper geografisk spreidd med ein tur i kvar bygd. Ofte legg ein bygdalagsturane til der det knytter seg ein historie, og minst tre av turane skal vere så lette at borna kan gjennomføre dei. Premiar vankar på 17.mai for turglade ungar og sprekingar som fullfører alle turane.

Bygdalagsturar 2026

1.Gjetingsdalen – Bråtunsknotten (5 p) 1. Kart og løypeprofil.

2.Nordrepollen – Botnahorga (12p).   2. Kart og løypeprofil
3.Austrepollen –  Gråskolten (5p)
4.Sundal            – Hillarslistova (5p)  4. Kart og løypeprofil
5.Ænes               – Skrunten (12p)      5. Kart og køypeprofil

 

Turnemda går i år tilbake til å legge ut bok ved turmålet for registrering av turar. Dersom du trykker på lenkene for dei ulike turane over, kjem det fram eit kart med løypeprofil om dei ulike turane. Der kan du også laste ned gpx fila som viser løypetraseen og åpne den i ein annan tur app, tilrår Norgeskart Friluftsliv App. Du kan sjøvsagt også  berre printe ut kartet for kvar tur.

 

 

Me legg også opp til fleksibelt system for borna som treng 15 poeng for å få premie.
Alt 1. Dei tre turane som gir 5 poeng
Alt. 2 Same turen x3 eller x2 + ein annan tur.
Alt. 3 Ein 5p og ein 12p tur.

 

Alle som klarar alle 5 turane er med i trekninga av eit gåvekort på kr 1000 på Sport 1!!!

Trimmen varer frå 1.mai til 31.okotber. Følg med her på sida når turane er merka. Bygdalagsturane er gratis for medlemmer av Ænes og Mauranger Bygdelag og kostar kr 50 for ikkje medlemmer. Betal på  Vipps #120340, mrk med Bygdalagstur og navn.

Har du spørsmål ta kontakt med Ottar Eide på 90067577.

 

God Tur !!

Revygruppa

Revygruppa er ei tildels sovande nemd som våknar til liv med ujamne mellomrom. Då er det armar og bein ein hektisk periode før premiere på haust- eller vinterfest. Aktørane pustar ut og nemda legg seg til å sova att.


Revygruppa i bygdalaget sto første gang på scenen i 1991, og har såleis eksistert i over 30 år. Fleire av medlemane har kurs i regi, manuskript, lyd, lys og sminke.

Skyttarlaget

Skyttarlaget vart stifta allereie i 1902. Laget har fram til nyleg drifta miniatyrskyting i samfunnshuset i Sundal i vintersesongen. Skyttarlaget arrangerer stundvis feltskyting.


Kontaktperson: Endre Øyre –
915 55385

Juniorklubb er eit tilbod for barn og ungdom i gymsalen. Her er det ulike aktivitetar og ulike tema frå gang til gang. Det vert vanlegvis servert enkel mat. 

Kontaktperson: Hanne Bakke Berntsen – 986 79 299

Juniorklubb og treningsaktivitetar i gymsalen

I gymsalen på samfunnshuset vert det arrangert balldag for barn/unge. Vaksne har volleyballtrening, dersom helsa tilseier det.

Bygdalagsturane

Arrangementer

Bygdalaget står for ulike arrangementer med ujamne mellomrom. Mellom anna har Folgefonna Opp har blitt arrangert i åra 2012 til 2019. Arrangementskomiteen er i tenkeboksen på om løpet, og festen rundt, skal gjennomførast i åra som kjem. http://www.folgefonna-opp.no/