Her vil me leggja ut ord og uttrykk frå Ænes og Mauranger som held på å gå i gløymeboka. Ikkje nøl med å senda inn glosene dine slik at ungdommen kan halda på målet!
Ord og utrykk
Ord
Alde = bølgjer etter båt
Aldanstre = eit tre som ber avling, frukt eller bær
Apejikk = ein person som merkjer seg ut for å vekkja merksemd i veremåte eller i klesvegen
Attebera = straumkvervel rundt eit nes eller virvelstraum i eit fossestryk
Attegløyma = ugift jente i gamle dagar (ungkarskvinne)
Auete = bakover
Auskjer = ausefat
Bekatråd = vert brukt til å sy lær med, t.d. sko og hestasele.
Beina = ei beina er å gjera nokon ei teneste
Bia = vent litt
Blakaver = overskya ver, ikkje ideelt breiever
Blengja = Blengja gjer ein når ein lagar dravle eller ost. Ein gjer det for å få
kost i dravlen.I osten gjer ein det for å skilja møsa og kosten (Kjesosten)
etterpå tilset ein fløyten og kokar det inn til ostemasse. For å starta
Blengjinga brukar man osteløype, kan og startastmed t.d surmjølk, rømme.
Brakalog = eit avkok av brakje, brukt som vaskemiddel, spesielt på mjølkekjøreld av tre. Også brukt til hår og kroppsvask. Kan og brukast ved ølbrygging.
Brok = bukse
Bronk = stim med brisling, sildabronk
Dona = leika
Donehytta = leikehytta
Drebba = ei litt boga trestong til å knusa is framfor båten
Einarelambsau = sau med eit lam
Faggerfis (fagarefis) = gjerdesmett
Favn (famn) = gamalt lengdemål, ca 1,9m. Også brukt om ved, 2 x 2 x 0,6 m
Feien = lukkeleg og glad
Ferg = leggja noko tungt, stein, murstein o.l. oppå eit lok, på ei panne, ystekjel m.m.
Firlingesau = sau med fire lam
Fjot = tidleg, t.d. fjotepoteter
Flaga = noko som kjem og fer brått, t.d. vindflaga
Fli meg = Gjev meg
Fli seg = stella seg
Fløy, bakstefløy = rund pinne til å rulla baksteleiven ut på bakstehedlo
Frenka = nær slektning av kvinnekjønn
Føradagen = dagen før i går
Føyken = glad/ godlag
Gevinde = hengsle
Glipen = utløpet av eit fjellvatn, der vatnet renn ut
Grane = grus og steinholme som elv eller sjø har skylt opp. Kan vera både under og over vassflata.
Grynamjøl = byggmjøl
Græla = svak vind, så ein kan sjå ein krusning på sjøen eller vatnet
Hama seg = stella seg
Hanekje = ho-, geitkje
Handyvle = noko å slå med, eg jagde itte med eit handyvle
Hattafåka = sterk vind som tek hatten, eller om ein har det travelt og gjer noko i ein fart
Heimafølgje = medgift
Hesplatre = garnvinda / skjelsord
Hoveld = 1. Eit trereidskap som vart brukt til å strama og binda fast tauet i t.d. ei
høybør. Hoveld er ofte laga av ask. (Ser ut som ei lykkje.)
Når ein vov hadde ein mange hoveldar i vevstolen.
Hoveldshals:
Her sa dei\’ kjerringhals\’ Då var ikkje børa lagt skikkeleg lagt på tåget. Då kunne
børa siga framått nakken på den som bar og det vart vondt å bera.
Når du tek på deg ei bør, høy eller ved bruker du toget rundt børa som
fatler . Viss hovelda kjem heilt inntil nakken vert børa veldig vond og bera. Det
vart kalla hoveldhals.
Hypja = pløya mold inn til potetstilkane
Høyende = hovudpute
Ia, straumia = strek der straumen i fjorden går kvar sin veg på straumio.
ijikt = ukvemt
ilt = vondt
ilag = Feks. steingarde med opning som var snar å stengja eller eit lite bergalag
som ein kunne leggja nokre greiner o.l for å stengja for storfe
(Ilagshaugen, Ilagsbrekko o.l.)
Innvekrok = same som klodons, men mindre, naturvaksne krokute furugreiner til å
halda tofta, til spant i ein trebåt.
Jabmaboks = hopp utan tilsprang
Jadlen = hylla
Jota (jåta) = krybba til å ha høy i til dyra.
Julabæra = ei ku som kalvar rundt julatider
Jøring = lerreim til å ha rundt vedalasset på hestasleden
Kabmelekast = halvstikk eller båtmannsknop
Keip = åregaffel
Kjelk = kinn
Kjørel = dekketøy
Kjørkja = strypt, kvelt
Kjøyna = kvisa
Klakje = is
Kleia = klø
Klodons = trerot f.eks av furu til å laga deler til trebåt, rong m.m.,
Klubmen = stengselet for ei dør eller grind
Knetakløyvar = ein skikkeleg gniar
Knupsar = grov, turr ved til å leggja i omnen
Kovna = mista pusten / kvælast
Kråna te/or = friskna til etter sjukdom
Kufart = koffert
Kulsa = vera kald
Kuvl = liten makrell, på størrelse mellom pir og makrell
Kvarva = lykkja av streng til å halda ei grind lukka
Kvitel = ullteppe
Kånedult = opprulla hår til ein dult i nakken, kan og vera av fletter
Kåneklompar = sukkerbitar, kaffisukker
Labber = strikkasokkar
Landkunna = lærebok i geografi
Landsydning = frålandsvind, (vind ut frå Nordrepollen) det motsatte av pålandsvind
Leddik = Siderom i ei kiste, ofte med to hemmelege skuffer i botn
Leiv = råemne f.eks ved flatbrødbaking, ferdig utbaka
Lurk = vedaskia eller trestykke
Mangla = ekspropiera
Mankera = mangla
Marispenar = ekstraspenar
Maroder = sjuk, dårleg
Mefer, ba til mefer = ba med folk til å hjelpa til å ro ut kista, bera den opp til kyrkjegarden og grava den ned.
Midtgaren = mellomgolv (sau/lam)
Mjåryggen = nedst i ryggen
Morkjen = rote treverk
Motting = gjødselkjellar
Mødd = trist
Navar = bor
Nybæra = ku som nett har kalva
Nov = hushjørna
Orvelta = dyr som ligg på ryggen og dauar
Pelarar = tablettar
Pòrestikka = ertekrok…
Prakkjen = gjerrig
Putl = småarbeid
Pykla = småslåst
Pysja = kviskra
Påk = stav, kjepp
Rebila = Ei dama som kan, veit og klarar alt
Ronadunga = dungar med rusk som turr møk, kvist lauv.. som ein raka av bakkane om våren
Ronario = når purka er brunstig og vil ha besøk av hangrisen
Rong = fram- og bakskut på ein båt
Ronsen = sint, sur
Rosje = fuktig
Ruspol = ein person som er tverr og vanskeleg
Rækte seg = reinska halsen
Råsa = vindkast, vindkule
Seftar = åregaffel
Selt = slag mot feks kroppen, ‘eg fekk eit selt i sio…’
Sibbenasa = ein sau som ikkje er svart i naso, men ljos raud
Sirap = sirup
Sjoarsveien = vegen til sjøen
Sjondo = gravferda
Skimla = ei kvit fjøl til å skrema eller møta sild med, t.d. når nota ikkje rekk til
Skinnvengja = flaggermus
Skjering = eit oppheng til å hengja gryta i over grua.
Skrapaslått = å slå med stuttorv rundt i skårane og ulendte stader
Skråpen = lite fin
Skåla = skylja
Sloa = trø/trakka ned graset før slåtten
Smalene = sauene, j.før Smalastølen
Smòlòg = fleire sauer, store og små, uttalast med open o
Snerkje = hinne på grauten/kakaoen
Stelte = Eit hinder ute i naturen. Til dømes eit bergalag der du ikkje kjem forbi,
men lyt gå ein omveg for å koma vidare. Eit stelte er ein liten nakke eller kant
der ein skal stiga opp. Det er enkelte plassar murt ei lita trapp, slik at det er
enklare å stiga opp forbi steltet.
Syna = visa (deg)
Spybeigen = omgangsykja
Spøa = trespade f.eks til å legga brødemne inn i baksteomn
Skjerr = redd
Skjòdna = skjodna i huset, stella det fint….
Skreia = aka (på kjelke)
Skykkjeskutjen = hems i vedboda
Skåthydna = øyremerke på sau, utorklypp.
Småga = ei ledig stund, eller kort opphald t.d. mellom to regnbyger
Snekje = kaldt i fjeset….kaldt rundt naso…
Spannadravle = råmjølk som er kokt i eit spann i vannbad.
Stia = gå i fjøset å gje dyra mat
Stinklar = når vatnet byrjar å frysa, enten på sjøen eller ein pytt
Stegakjidna = vangen på ein trestege som trinna var feldt inni
Sulderlepso = når ein hadde kjøtkraft og bløytte flatbrød oppi der. Vart også brukt om vassjuk og uveita jord.
Suffesant = Godt utført (arbeid), tildels overdimensjonert
Sulkesamt = når det visar lett skit/flekkjer på noko, t.d. ljose klesplagg
Svivyrsle = ringakta… han sa det so svivyrsle….
Sø = saus, sos
Tarveld = Reidskap
Tassin = tefat
Torebrak = tordenskrall
Travèlte = Ho låg å travèlte, ho låg å fødde
Trylsk = umulig skjerr sau, ikkje trygg og ‘ukjuren’
Tråsavedlurk = halvrotten stokk
Trillingesau = sau med tre lam
Tviboresau = sau med to lam
Tvåga = vaskefille
Tytta = ei jente som er litt eigenrådig, gjerne flink
Tøkje = er noko til å ha noko i, t.d. ei bytte, skål, mugge, kasse, stamp e.l.
Tøle = ymse rot og rask
Tølehove = litt rotete menneske
Tåe = snøbert
Ubjådeleg feralag = dårleg oppførsel
Ufs = takskjegg
Ugge = fiskefinne
Utongje = vanskeleg gutunge
Ukjura = vrien gjentunge/ kjerring
Utonje = ein ulydig unge
Uveta = svima av
Vase = ospestokk på jernboltar som torvhald på eit svaberg eller ospestokk med torv
på skråberg til veg, vert også brukt som stengsel av ris.
Vashammar, Vasaberg m.m er namn som kjem av dette.
Vabein = Ein rull som vert festa på esinga til båten for å dra fiskesnøret på.
Vadlasletta = sluddbyger
Vallk = Det skautakåno festar på hovudet for å få fasong på skautet.
Ei utstopning under skautet,framme i panna. Skaut er eit hovudplagg av lin
som vert brukt til hardangerbunad.
Vandalaust = lett å gjera
Veikryggen = nedst i ryggen, korsryggen
Veisen = vil vera kar ‘han var so veisen’
Velende = matrøyr (på sau/lam)
Velvore = da var bra
Vorastein = høveleg store steinar som bør vera flate oppå, desse vart ofte lagt i ei rekkja oppetter fjøra. Ein gjekk på desse når skulle i/or båten.
Våndel = ein samanrulla ‘høyball’ som passa til eit måltid til eit dyr, t.d. ei ku eller ein sau
Øyk = hest
Æring = Avling Potetene gav fin æring denne hausten.Evt. :ein båt, til dømes ein seksæring, som blir rodd med 3 par årer.
Åvtøvra = nokon får deg til å skifta meining
Kjelder til nokre av orda:
Per Magne Eikenes, Per Flatebø, Johs. Bondhus, Lars T.Bondhus, Olaf Solheim, Bård Øyre og Samson Øyjord.
Uttrykk
Springa på sokkaleisten = Gå utan sko
No må du pitla deg heim! = No må du gå/skynda deg heim
Han le`a kje på ein uggje! = Han bevega seg ikkje
Det nauda ikkje bitten! = Det skada ikkje
Ka lir dagen ? = Kva er klokka?
E du kråna te no? = Er du frisk no?
Ho har fått vetlagledo ! = Ho ler av kvar minste ting !
Han fekk vatn på kverna = Han fekk mykje å snakka om
Han e lett i hamsen ! = Han er lett til beins !
Eg e heilt maroder i kroppen ! = Eg e heilt utslitt i kroppen ( etter hardt arbeid )
Det lakkar til fant ! = Ting byrjar å bli dårleg.
So kor -so ! = Uansett/ likevel
Eg e i vande for pengar ! = Eg er tom for/manglar pengar
I kjømdo = Kjem snart, er på veg e.l.
Ordtøke
Det er betre å vera rævalaus enn rådlaus.
Fyk opp som ein hjort og dett ned som ein lort.
Den som er med på leikjen, får smaka steikjen.
Der ølet går inn, går vitet ut.
Same kor ein snur seg, er enden bak.
Stadnamn:
Bårste = Bergstø
Måringsnes = Maurangsnes
Mjus = Mehus (Gjetingsdalen)
Svalebykset i Nordrepollen:
Det var ein mann som heitte Svale. Han var til fjells for å sjå til sauene, då han kom over ein bjørn som låg og åt på ein sau. Bjørnen likte ikkje å verta uroa, og kom etter Svale. Mannen klarte å hoppa over eit juv, og sidan vart det kalla Svalebykset der.