Skip to main content

Gjetingsdalen

Eikenes, Bråtun og Bakke er no dei einaste gardane det enno er fastbuande på i Gjetingsdalen. Fleire av gardsbruka er fråflytta og blir kun nytta til fritidsføremål. Det er berre 10 innbyggjarar att i den idylliske dalen, og dei veit før som no å nytta naturressursane.

Vegutløysing

Dalen fekk vegutløysing i 1986. Før den tid var dei utan nært samband med grannebygdene, og den einaste ferdselsåra var med båt over fjorden.

Folketalet har gått kraftig ned, for i 1900 var det heile 92 fastbuande her.

Gardar i drift

Det første tunet me kjem til i Gjetingsdalen er Eikenes, det er eit rekkjetun  frå 1778, her har dei både sau og litt Kasmirgeiter som er med å halda  kulturlandskapet i hevd. 

På Bråtun driv bonden Kjell med mjølkeproduksjon og sau. Øvst oppi dalen driv brødrene Kåre og Anfinn gardane i saman som føretaket Bakke Samdrift ANS, dei starta med samdrift i 1974, som ein av dei første i  landet. Dei har 36 storfe, og er den største mjølkeprodusenten i Mauranger.

Frå kvernkall til turbin

Næringsgrunnlaget er jordbruk, men nokre av grunneigarane har gått saman å starta minikraftverk. Gjetingsdalen kraft AS blei starta opp i 2007, og Dalelvo kraftverk i 2010, samla produksjon for desse to kraftverka er 18.7 gwh/år. 

Vatn på kvernkallen er ikkje noko ukjent for gjetingsdølen, her har opp  gjennom tidene vore fleire oppgangssager.

Grendahuset og fotturar

Ei kvar bygd med respekt for seg sjølv har sitt eige grendahus, så også Gjetingsdalen. I tidlegare tider vart huset nytta til skule, men no blir det brukt til ulike samkomer og gjestebod.

Gjetingsdalen er eit ypparleg utgangspunkt for turar i skog og mark. Her kan ein vandra opp til fleire av stølane, eller ta ein fottur over til Jondal eller Kysnesstranda. Her er ingen T merka løyper, så kjentmann er ein fordel på dei lengre turane.