Skip to main content

Ænes

Bygda ligg midt mellom Rosendal og Odda, og har Hardangerfjorden og majestetiske Gygrastol (1308 moh.) som næraste nabo. Mange har funne sitt ferieparadis på Ænes.

Landskapet

Bygda ligg ved munninga av Maurangerfjorden og har eit meir solrikt og opnare landskap enn bygdene lengre inne i fjorden. Men Ænes har likevel ein av dei flottaste fjelltoppane i Kvinnherad med Gygrastol ruvande 1380 moh. Utsikta over Hardangerfjorden og inn Ænesdalen kan få den mest  bereiste turist til å bli mållaus.

Ænes kyrkje

Kyrkja ligg vakkert til midt i bygda og den er oppført på 1190 – 1200 talet. Den er Kvinnherad si minste og eldste steinkyrkje, og alle Maurangerbygdene ligg under Ænes kyrkjesokn.

Nye inntektskjelder

Ænesdalen er skogrik, og her har det vore teke ut tømmer i lange tider. Sagbruksdrift har såleis vore ei viktig inntektskjelde for bøndene i bygda, saga er fortsatt i drift til trelastproduksjon.

No er det andre inntekter som gjeld, og det er få gardsbruk i drift. Turisme og lakseoppdrett har overteke dagsverket for bøndene, og mange nyetablerarar pendlar til arbeidsplassar i Odda og Rosendal.

Feriefolk og nyetablerarar inntar bygda

Ænes har alltid vore ein populær stad for hus og hyttebygging, etter tunellen opna i 2001 har Ænes opplevd ein sterk auke i folk som ynskjer å både feriera og bu her fast. Campingplassen utvidar stadig vekk, og det kommunale byggjefeltet har ingen ledige tomter.  Ænes har i dag omlag 100 innbyggjarar.