Tekst kommer her – Nasjonalparken med tilliggjande landskapsvernområde vart opna 14. mai 2005 av Dronning Sonja. Den femner om areal heilt frå fjord til fonn, og den har store landskapskvalitetar som også blir framheva internasjonalt.
Aktivitetar og lag
Revygruppa
Revygruppa er ei tildels sovande nemd som våknar til liv med ujamne mellomrom. Då er det armar og bein ein hektisk periode før premiere på haust- eller vinterfest. Aktørane pustar ut og nemda legg seg til å sova att.
Revygruppa i bygdalaget sto første gang på scenen i 1991, og har såleis eksistert i over 30 år. Fleire av medlemane har kurs i regi, manuskript, lyd, lys og sminke.
Skyttarlaget
Skyttarlaget vart stifta allereie i 1902. Laget har fram til nyleg drifta miniatyrskyting i samfunnshuset i Sundal i vintersesongen. Skyttarlaget arrangerer stundvis feltskyting.
Kontaktperson: Endre Øyre – 915 55385
Juniorklubb og treningsaktivitetar i gymsalen
Juniorklubb er eit tilbod for barn og ungdom i gymsalen. Her er det ulike aktivitetar og ulike tema frå gang til gang. Det vert vanlegvis servert enkel mat.
Kontaktperson: Hanne Bakke Berntsen – 986 79 299
I gymsalen på samfunnshuset vert det arrangert balldag for barn/unge. Vaksne har volleyballtrening, dersom helsa tilseier det.
Bygdalagsturane
Turnemnda inspirerer bygdafolket til å koma seg opp av sofaen og ut på tur. Kvart år merkar turnemda opp nye turløyper geografisk spreidd med ein tur i kvar bygd. Ofte legg ein bygdalagsturane til der det knytter seg ein historie, og minst tre av turane skal vere så lette at borna kan gjennomføre dei. Premiar vankar på 17.mai for turglade ungar og sprekingar som fullfører alle turane.
Bygdalagsturar 2023
1.Gjetingsdalen – Godallsætra (12p)
2.Nordrepollen – Haugen (5p)
3.Austrepollen – Øvrehussætra 5p)
4.Sundal – Heimste Brufossvatnet (12p)
5.Ænes – Skotberg (5p)
Turnemda bruker postkassetrimmen for registrering av Bygdalagsturar. Her kan du også heile vegen sjå kor langt det er igjen. Det blir ikkje lagt ut bok i år. Dersom du ikkje ønsker/ får til å registrere i Appen, ta kontakt med Ottar Eide for manuell registrering (mob 90067577).
Me legg også opp til fleksibelt system for borna som treng 15 poeng for å få premie.
Alt 1. Dei tre turane som gir 5 poeng
Alt. 2 Same turen x3 eller x2 + ein annan tur.
Alt. 3 Ein 5p og ein 12p tur.
Tur nr. 3 og 5 er klar, dei andre må vente til snøen er smelta.
Alle som klarar alle 5 turane er med i trekninga av eit gåvekort på kr 1000 på Sport 1!!!
God Tur !!
https://postkassetrimmen.no/