Ænes og Mauranger Bygdalag vart skipa i 1984 med det formål å vera eit samlande organ for bygdene, og arbeida for generell bygdeutvikling. Laget vil jobba for å styrka busetnad, arbeidsplassar og trivsel, og fokusera på samhald og samarbeid mellom bygdene. Me håpar denne websida kan vera med å bidra i så måte.
Mauranger Bygdalag
Kontaktinfo
Har du ei sak du meiner bygdalaget burde ta tak i, idear om arrangement, eventuelt ynskjer du å leiga samfunnshuset eller P.A anlegget? Ta kontakt med ein i styret, eller send ein e-post til: maurangerbygdalag@gmail.com
Epost: maurangerbygdalag@gmail.com
Post: Ænes og Mauranger Bygdalag, C/o Kristian Bondhus-Jensen, Bondhus 25, 5476 Mauranger
Telefon leiar: 975 58 600
Telefon kasserar:
Grasrotandelen
Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping der du som registrert spelar kan velga eit lag som du ønsker å støtte. Ænes og Mauranger Bygdalag er registrert i Frivillighetsregisteret og kan dermed velgast som din grasrotmottakar.
Når du spelar hos Norsk Tipping, til dømes Lotto, går 5 % av innsatsen direkte til det laget du ynskjer skal få di støtte. Å vera grasrotgivar kostar ingenting med det krev at du har spelekort hos Norsk Tipping. Det får du tak i hos næraste kommisjonær eller på www.norsk-tipping.no
Ja, men korleis går eg fram…
Du blir grasrotgivar for Ænes og Mauranger Bygdalag på ein av følgande måtar:
- Hos kommisjonær: Ta med deg strekkoden og spelekortet ditt til næraste tippebu.
- Send SMS: GRASROTANDELEN 993516953 til 2020 (tenesta er gratis).
- Via internett: på www.grasrotandelen.no
- Gjennom Norsk Tipping Mobilspel.
Bli ein Ænes og Mauranger Bygdalag støttespelar du og!