Skip to main content

Ord og utrykk

Her vil me leggja ut ord og uttrykk frå Ænes og Mauranger som held på å gå i gløymeboka. Ikkje nøl med å senda inn glosene dine slik at ungdommen kan halda på målet!

Ord

Alde = bølgjer etter båt

Aldanstre = eit tre som ber avling, frukt eller bær

Apejikk = ein person som merkjer seg ut for å vekkja merksemd i veremåte eller i klesvegen

Attebera = straumkvervel rundt eit nes eller virvelstraum i eit fossestryk

Attegløyma =  ugift jente i gamle dagar (ungkarskvinne)

Auete = bakover  

Auskjer = ausefat 

 

Bekatråd = vert brukt til å sy lær med, t.d. sko og hestasele.

Beina = ei beina er å gjera nokon ei teneste 

Bia = vent litt

Blakaver = overskya ver, ikkje ideelt breiever

Blengja = Blengja gjer ein når ein lagar dravle eller ost. Ein gjer det for å få 

             kost i dravlen.I osten gjer ein det for å skilja møsa og kosten (Kjesosten) 

             etterpå tilset ein fløyten og kokar det inn til ostemasse. For å starta 

             Blengjinga  brukar man osteløype, kan  og startastmed t.d surmjølk, rømme. 

Brakalog = eit avkok av brakje, brukt som vaskemiddel, spesielt på mjølkekjøreld av tre. Også brukt til hår og kroppsvask. Kan og brukast ved ølbrygging.

Brok = bukse

Bronk = stim med brisling, sildabronk

 

Dona = leika

Donehytta = leikehytta

Drebba = ei litt boga trestong til å knusa is framfor båten 

Einarelambsau = sau med eit lam

 

Faggerfis (fagarefis) = gjerdesmett 

Favn (famn) = gamalt lengdemål, ca 1,9m. Også brukt om ved, 2 x 2 x 0,6 m 

Feien = lukkeleg og glad

Ferg = leggja noko tungt, stein, murstein o.l. oppå eit lok, på ei panne, ystekjel m.m.
Firlingesau = sau med fire lam

Fjot = tidleg, t.d. fjotepoteter

Flaga = noko som kjem og fer brått, t.d. vindflaga

Fli meg  = Gjev meg
Fli seg = stella seg 

Fløy, bakstefløy = rund pinne til å rulla baksteleiven ut på bakstehedlo

Frenka = nær slektning av kvinnekjønn

Føradagen =  dagen før i går 

Føyken = glad/ godlag 

 

Gevinde = hengsle 

Glipen = utløpet av eit fjellvatn, der vatnet renn ut

Grane = grus og steinholme som elv eller sjø har skylt opp. Kan vera både under og over vassflata.

Grynamjøl = byggmjøl

Græla = svak vind, så ein kan sjå ein krusning på sjøen eller vatnet

 

Hama seg = stella seg

Hanekje = ho-, geitkje    

Handyvle = noko å slå med,  eg jagde itte med eit handyvle

Hattafåka = sterk vind som tek hatten, eller om ein har det travelt og gjer noko i ein fart

Heimafølgje = medgift
Hesplatre =   garnvinda / skjelsord             

 

Hoveld = 1. Eit trereidskap som vart brukt til å strama og binda fast tauet i t.d. ei
              høybør. Hoveld er ofte laga av ask. (Ser ut som ei lykkje.)

Når ein vov hadde ein mange hoveldar i vevstolen.

Hoveldshals: 

Her sa dei\’ kjerringhals\’ Då var ikkje børa lagt skikkeleg lagt på tåget. Då kunne
børa siga framått nakken på den som bar og det vart vondt å bera.

Når du tek på deg ei bør, høy eller ved bruker du toget rundt børa som
fatler . Viss hovelda kjem heilt inntil nakken vert børa veldig vond og bera. Det
vart kalla hoveldhals.

Hypja =   pløya mold inn til potetstilkane

Høyende = hovudpute

 

Ia, straumia = strek der straumen i fjorden går kvar sin veg på straumio.
ijikt = ukvemt
ilt = vondt

ilag =  Feks. steingarde med opning som var snar å stengja eller eit lite bergalag
            som ein kunne leggja nokre greiner o.l for å stengja for storfe
            (Ilagshaugen, Ilagsbrekko o.l.) 

 

Innvekrok = same som klodons, men mindre, naturvaksne krokute furugreiner til å
                 halda tofta, til spant i ein trebåt.

 

Jabmaboks = hopp utan tilsprang

Jadlen = hylla 

Jota (jåta) = krybba til å ha høy i til dyra. 

Julabæra = ei ku som kalvar rundt julatider 

Jøring = lerreim til å ha rundt vedalasset på hestasleden 

 

Kabmelekast = halvstikk eller båtmannsknop

Keip = åregaffel

Kjelk =  kinn  

Kjørel =  dekketøy    

Kjørkja = strypt, kvelt                 

Kjøyna = kvisa

Klakje =   is 

Kleia = klø

Klodons = trerot f.eks av furu til å laga deler til trebåt, rong m.m., 

Klubmen = stengselet for ei dør eller grind

Knetakløyvar = ein skikkeleg gniar

Knupsar = grov, turr ved til å leggja i omnen
Kovna  =  mista pusten / kvælast

Kråna te/or = friskna til etter sjukdom

Kufart =   koffert                            

Kulsa = vera kald 

Kuvl = liten makrell, på størrelse mellom pir og makrell

Kvarva = lykkja av streng til å halda ei grind lukka
Kvitel  =   ullteppe

Kånedult = opprulla hår til ein dult i nakken, kan og vera av fletter

Kåneklompar = sukkerbitar, kaffisukker

 

Labber = strikkasokkar

Landkunna = lærebok i geografi

Landsydning = frålandsvind, (vind ut frå Nordrepollen) det motsatte av pålandsvind

Leddik = Siderom i ei kiste, ofte med to hemmelege skuffer i botn
Leiv = råemne f.eks ved flatbrødbaking, ferdig utbaka

Lurk = vedaskia eller trestykke

 

Mangla = ekspropiera  

Mankera = mangla

Marispenar = ekstraspenar 

Maroder = sjuk, dårleg

Mefer, ba til mefer = ba med folk til å hjelpa til å ro ut kista, bera den opp til kyrkjegarden og grava den ned. 

Midtgaren = mellomgolv (sau/lam)

Mjåryggen = nedst i ryggen
Morkjen = rote treverk

Motting = gjødselkjellar

Mødd = trist

 

Navar = bor 

Nybæra = ku som nett har kalva 

Nov = hushjørna

 

Orvelta  = dyr som ligg på ryggen og dauar

 

Pelarar = tablettar

Pòrestikka = ertekrok…

Prakkjen = gjerrig
Putl = småarbeid

Pykla  = småslåst

Pysja = kviskra
Påk = stav, kjepp

 

Rebila = Ei dama som kan, veit og klarar alt

Ronadunga = dungar med rusk som turr møk, kvist lauv.. som ein raka av bakkane om våren

Ronario = når purka er brunstig og vil ha besøk av hangrisen 

Rong = fram- og bakskut på ein båt 

Ronsen = sint, sur

Rosje = fuktig

Ruspol = ein person som er tverr og vanskeleg

Rækte seg = reinska halsen

Råsa = vindkast, vindkule

 

Seftar = åregaffel 

Selt = slag mot feks kroppen, ‘eg fekk eit selt i sio…’

Sibbenasa = ein sau som ikkje er svart i naso, men ljos raud

Sirap  =  sirup

Sjoarsveien = vegen til sjøen

Sjondo = gravferda

Skimla = ei kvit fjøl til å skrema eller møta sild med, t.d. når nota ikkje rekk til

Skinnvengja = flaggermus

Skjering = eit oppheng til å hengja gryta i over grua. 

Skrapaslått = å slå med stuttorv rundt i skårane og ulendte stader

Skråpen = lite fin

Skåla = skylja
Sloa = trø/trakka ned graset før slåtten

Smalene  =  sauene, j.før Smalastølen

Smòlòg = fleire sauer, store og små, uttalast med open o

Snerkje = hinne på grauten/kakaoen

Stelte =  Eit hinder ute i naturen. Til dømes eit bergalag der du ikkje kjem forbi,
             men lyt gå ein omveg for å koma vidare. Eit stelte er ein liten nakke eller kant   

             der ein skal stiga opp. Det er enkelte plassar murt ei lita trapp, slik at det er  

             enklare å stiga opp forbi steltet.
Syna  =  visa (deg)                               

Spybeigen  =  omgangsykja   

Spøa = trespade f.eks til å legga brødemne inn i baksteomn

Skjerr = redd

Skjòdna = skjodna i huset, stella det fint….

Skreia = aka (på kjelke)

Skykkjeskutjen =  hems i vedboda  

Skåthydna = øyremerke på sau, utorklypp.  

Småga = ei ledig stund, eller kort opphald t.d. mellom to regnbyger

Snekje = kaldt i fjeset….kaldt rundt naso…
Spannadravle = råmjølk som er kokt i eit spann i vannbad.
Stia = gå i fjøset å gje dyra mat

Stinklar = når vatnet byrjar å frysa, enten på sjøen eller ein pytt
Stegakjidna = vangen på ein trestege som trinna var feldt inni

Sulderlepso = når ein hadde kjøtkraft og bløytte flatbrød oppi der. Vart også brukt om vassjuk og uveita jord.

Suffesant = Godt utført (arbeid), tildels overdimensjonert

Sulkesamt = når det visar lett skit/flekkjer på noko, t.d. ljose klesplagg

Svivyrsle = ringakta… han sa det so svivyrsle….

Sø  =  saus, sos

 

Tarveld = Reidskap  

Tassin = tefat

Torebrak = tordenskrall

Travèlte = Ho låg å travèlte, ho låg å fødde

Trylsk = umulig skjerr sau, ikkje trygg og ‘ukjuren’
Tråsavedlurk = halvrotten stokk

Trillingesau = sau med tre lam
Tviboresau = sau med to lam
Tvåga =  vaskefille 

Tytta = ei jente som er litt eigenrådig, gjerne flink

Tøkje = er noko til å ha noko i, t.d. ei bytte, skål, mugge, kasse, stamp e.l.

Tøle  = ymse rot og rask
Tølehove = litt rotete menneske

Tåe = snøbert 

 

Ubjådeleg feralag = dårleg oppførsel

Ufs = takskjegg

Ugge = fiskefinne

Utongje = vanskeleg gutunge
Ukjura =   vrien gjentunge/ kjerring

Utonje = ein ulydig unge
Uveta  = svima av

 

Vase = ospestokk på jernboltar som torvhald på eit svaberg eller ospestokk med torv
          på skråberg til veg, vert også brukt som stengsel av ris.
Vashammar, Vasaberg m.m er namn som kjem av dette.
Vabein = Ein rull som vert festa på esinga til båten for å dra fiskesnøret på.  

Vadlasletta = sluddbyger

Vallk = Det skautakåno festar på hovudet for å få fasong på skautet.
          Ei utstopning under skautet,framme i panna. Skaut er eit hovudplagg av lin

          som vert brukt til hardangerbunad.

Vandalaust  = lett å gjera   

Veikryggen = nedst i ryggen, korsryggen                                     

Veisen = vil vera kar ‘han var so veisen’
Velende = matrøyr (på sau/lam)
Velvore = da var bra

Vorastein = høveleg store steinar som bør vera flate oppå, desse vart ofte lagt i ei rekkja oppetter fjøra. Ein gjekk på desse når skulle i/or båten.

Våndel = ein samanrulla ‘høyball’ som passa til eit måltid til eit dyr, t.d. ei ku eller ein sau

 

Øyk = hest 

 

Æring =  Avling  Potetene gav fin æring denne hausten.Evt. :ein båt, til dømes ein           seksæring, som blir rodd med 3 par årer.

 

Åvtøvra = nokon får deg til å skifta meining

  

Kjelder til nokre av orda: 

Per Magne Eikenes, Per Flatebø, Johs. Bondhus, Lars T.Bondhus, Olaf Solheim, Bård Øyre og Samson Øyjord.

  

Uttrykk 

Springa på sokkaleisten = Gå utan sko 

No må du pitla deg heim! =  No må du gå/skynda deg heim

Han le`a kje på ein uggje!  = Han bevega seg ikkje  

Det nauda ikkje bitten!    =  Det skada ikkje

Ka lir dagen ?   =  Kva er klokka?

E du kråna te no?   =  Er du frisk no?

Ho har fått vetlagledo !   =  Ho ler av kvar minste ting !

Han fekk vatn på kverna   =  Han fekk mykje å snakka om

Han e lett i hamsen !  =  Han er lett til beins !

Eg e heilt maroder i kroppen !  =   Eg e heilt utslitt i kroppen ( etter hardt arbeid )

Det lakkar til fant ! =  Ting byrjar å bli dårleg. 

So kor -so !  = Uansett/ likevel

Eg e i vande for pengar !  = Eg er tom for/manglar pengar

I kjømdo = Kjem snart, er på veg e.l.

 

Ordtøke

Det er betre å  vera rævalaus enn rådlaus.

Fyk opp som ein hjort og dett ned som ein lort.

 

Den som er med på leikjen, får smaka steikjen.

Der ølet går inn, går vitet ut.

Same kor ein snur seg, er enden bak.

 

Stadnamn:

Bårste = Bergstø

Måringsnes = Maurangsnes

Mjus = Mehus (Gjetingsdalen) 

Svalebykset i Nordrepollen:

Det var ein mann som heitte Svale. Han var til fjells for å sjå til sauene, då han kom over ein bjørn som låg og åt på ein sau. Bjørnen likte ikkje å verta uroa, og kom etter Svale. Mannen klarte å hoppa over eit juv, og sidan vart det kalla Svalebykset der.