Skip to main content

Nordrepollen

Nordrepollen er ei fredeleg og vakker bygd som ligg innerst i Maurangerfjorden, med natur og kulturlandskapet halde i hevd. Bygda er av dei mest bevarte fjordbygdene i Hordaland.

Gamal og ny tid

I Nordrepollen har det budd folk heilt sidan jernalderen. Fleire spor etter gamal busetnad er funnen her, både restar av hus og fossile åkrar. Også den  dag i dag er jordbruk hovudnæring på gardane Køylo, Øyre og Flatebø,  og gledeleg er det at fleire småbornsfamiliar er flytta heim for å overta gardsbruka. Grendahuset er eit naturleg samlingspunkt for bygdefolket. 

Det er planlagt utvida med blant anna betre dofasilitetar. Talet på innbyggjarar er no 30.

Sanddrift

Nokså store sandmengder har vore å finna på Flatebø. Frå først i 1950 åra og fram til 80 talet skipa selskapet Hardangersand ut store mengder grus og sand. Viktige var dei få arbeidsplassane tiltaket skaffa i den vesle bygda, og det  einaste som er att er sporet i landskapet etter sandtaket. No er det gjeve løyve til bygging av minikraftverk på Flatebø.

Fjellet som arbeidstad og turområde og Jondalstunnel

Få stader finn ein slike ville fjell som her inne. Både ulukker og skorfeste fortel sine vitnemål om tøffe arbeidsøkter i fjellet. Statkraft har eigen asfaltert bilveg frå Nordrepollen til Jukla kraftverk (750 moh), på vegen kan ein parkera ved Godalssætra eller Markjelke og ta ein vårskitur eller ein fottur i nydeleg høgfjellsnatur. Folgefonna er lett tilgjengeleg frå dette området.  Vegen kan vera rasfarleg, og den er kun open i sommarhalvåret.

I november 2009 starta bygginga av den 10,4 km lange Jondalstunnelen mellom Nordrepollen og Torsnes i Jondal Kommune. Opninga av tunnelen var 7.september 2012.