Skip to main content

Vasskraftutbygginga i Mauranger

Breen temmes

Redaksjonen har kome over ein film om pionerarbeidet som vart utført oppe ved Bondhusbreen tidleg på 1980 talet. Folgefonnutbygginga til Statkraft er den første i Noreg som har eit vassinntak under isbreen. I 1978 var inntak og tunneldrift under Bondhusbreen ferdigstilt, og det  automatiske spyleanlegget for breinntaket sto ferdig i 1983.

Filmen er ikkje av nyare dato, men veldig informativ og skulle passa for ‘ Vil Vite’- generasjonen så vel som mimrande eldre. Sett deg godt til rette bak pc skjermen og snurr film!

Rasulukka i Rednedalen 1970. Eit trasig 40 årsminne i Mauranger

Fredag den niande januar 1970 starta vel som ein vanleg dag på Folgefonnanlegget,med folk omkring på mange stader, sjøl var eg i maskinverkstaden som låg der tunnelen inn til Mauranger kraftstasjon byrjar. Oppe i Rednedalen var det taubane frå vatnet og opp til tverrslag der tunnelen mellom Mysevatn og Bondhusbreen går. På taubanestasjonen var ettermiddagskiftet klar til å dra opp i eitt-tida, og morgonskiftet returnera nedatt med same bana.

Men været var grapse, taubanekøyraren hadde visst lite lyst å starta, korga slang veggimellom i slikt vær. Han syntest og det var nokre rare utslag på instrumenta, men såg ingen ting i snøfokket. Det var ofte luftige turar med den transporten. Nede i Austrepollen var det og uvær, det sleit ned rulleportar i verkstaden, sludd og fokk, og slik eg hugsar omkring 0 grader, men ikkje meir enn ein vanleg syd auststorm. Oppe i Rednedalen var det mykje verre, det er som ei trakt der vinden trengjer ned gjennom. Korleis me fekk beskjed minnest eg ikkje, men brått var det ein veldig aktivitet av folk og telefonar om at me måtte gjera oss klar til å dra oppover for å hjelpa det me kunne.

Sigurd Øyre fortel

Det vart knallhard tur. Ikkje allverda utstyr hadde dei fått med seg, men iallefall nokre anleggspadar hadde dei til å hogga seg fram med. Det vart steg for steg, og stundom fleire steg attende i det rasande været. Den turen som normalt går på ein snau halvtime tok nok fleire timar. Vel oppe fann dei snart ut at stoda var håplaus, bygget var dekka av enorme snømengder, forvridde stålbjelkar stakk opp.Dei prøvde å spa, men det var heilt fånyttes, stormen fylte det fortare igjen.

Det blir som å ausa havet tomt med teskjei. Faren for nytt ras var og stor. Dei andre arbeidarane som var att der oppe måtte berre halda seg inne i tunnelen, var ikkje råd å få dei med seg nedatt, nokon var litt opp i åra og heller ikkje kledde for slike turar. Så dei tre måtte koma seg nedatt og orientera om stoda der oppe.Slik som lia var burde dei hatt både piggsko, tau og isøksar, men det gjekk bra.Utover dagen vart myndigheitene varsla, det kom hjelpekorpsfolk og andre frivillige frå mange kantar med utstyr, lensmannsbetjent Kjell Harald Høyland hadde med seg shjæferhunden sin for søk.

Seint på kvelden kom politifullmektig Sven Simonnæs og overtok leiinga, han hadde og med søkjehundar. Eit Sikorsky redningshelikopter prøvde seg og, men måtte gi opp. Kapteinen Eivind Ytrestøyl fortalde til BT at det var det verste han hadde vore ute i, og var glad dei kom frå forsøket i livet. Han hadde logga 88 knop, og orkan byrjar ved 62. Ingen ting meir kunne gjerast den kvelden. 

Utover natta til laurdag tok veret til å roa seg, og grytidleg morgon byrja dei første å koma seg oppover. Det vart etterkvart temmeleg mange, og utover dagen spadde me fram heile huset, det bles ein del og det vart litt snakk om meir rasfare, men det gjekk bra. I restane av huset vart fem mann funne, to mann var framleis borte, og ikkje funne den dagen før natta kom på.

Jan Vivelid fortel

Han og nokon andre i arbeidslaget var inne i tunnelen og køyrde ut sprengstein frå stuffen. Komen ut med eit lass, oppdaga dei at noko måtte vera veldig gale borte ved brakkene der taubanestasjonen var. Der var eit anna arbeidslag i arbeid inne ein lettverkstad av stålbjelkar, kledde med bølgeblekkplater. I stormen og snøfokket såg dei mest ingen ting, men kom ikkje langt før dei skjøna at noko var hakkande gale. Ingen verkstad var å sjå, berre enorme snømassar. Å prøva å grava var ikkje å tenkja på i det været som var,så han og Brigt Bauge tok i veg nedover, meir skreid enn gjekk på issvullar i den 45 grader bratte lia. Slik vart det gitt beskjed, telefon var det på taubanestasjonen,og så var hjelpeapparatet i gang. Snart vrimla det av folk som skulle oppover, i første omgang var det folk frå anlegget.

Det var ikkje enkelt å ta seg opp til vatnet, ingen brøytereidskap kunne halda vegen open, og det byrja straks å myrkna. Frå omlag halvveis var det å gå og delvis krypa på alle fire. Me møtte sundrivne bølgeblekkplater frå taubanehuset, dei var flerra som papirark og låg nedover heile lia. Slik storm har eg aldri vore utefor anna enn ein sjeldan gong på havet.Vel framme med vatnet vart det avgjort at nokon måtte gå vidare oppover og iallefall undersøkja, noko som såg heller vonlaust ut i det været og mørkt vart det og. På anlegg er det alltid linjefolka som er ute i det verste været og mest fjellvant,og linjeformann Lars Engtrø fekk med seg Sigurd Øyre (Mauranger) og Odd Helland (Torsnes) og tok ut oppover.

Sundag den 11

Sundag hadde været roa seg veldig, det var nærast ein fin vinterdag i fjellet, hadde ikkje omstenda vore så tragiske. Det var mykje snøspaing den dagen og, heilt til einkvan kom på å senda hundane lenger nedover på eit utvida søk, og etter ein times tid hadde dei funne dei to siste, den eine heilt nede ved Rednedalsvatnet. Mange anleggsfolk, bygdefolk og hjelpekorpsfolk frå Kvinnherad hadde gjort ein stor innsats desse dagane, dei som var med hugsar det sikkert enno. Det var nok den største enkeltulukke i Kvinnherad i nyare tid, og fire av dei sju var herfrå.

Karl Johan Bondhus, 43 år

Geir Bondhus, 18 år

Øyvind Skoglund, 22 år

Arthur Sandvik,22 år

Minnestøtte

Den tiende august i 2000 vart det avduka ei minnestøtte for dei sju i raset og nokon fleire som omkom ved enkeltulukker på anlegget. Dåverande sokneprest Tor Holm sto for avdukinga, og tilstades var bygdefolk og tilreisande slektningar av dei som kom bort. Støtta står no omlag der nedre taubanestasjon sto.

Etterpåklokskap

Etterpåklokskap er alltid den sikraste vitenskap. Mange hevdar, eg har høyrt det i seinare tid og.. ‘Hadde dei berre spurt oss, så skulle dei fått greie på at der var det stor rasfare’. Då kunne dei vel stått fram og sagt det før. Det som er sikkert er at ingen bygdefolk hadde vore oppe der om vinteren og sett noko ras, men ser ein på det bratte fjellet ovanfrå, så er det lettare å tenkja seg. Det var syd auststormen som hadde blåse opp ein veldig hengeskavl og som så losna og gjekk like til vatnet. 

Dette var i korte trekk slik eg minnes det.

Johannes Bondhus, Austrepollen, januar 2010

Dramatiske timar i Jukla Kraftstasjon 1973

Siste dagen før fellesferien i 1973 på Maurangeranlegga skulle det skytast gjennomslagsalve under Svartedalsvatnet. Så skulle vatnet renna tomt til ferien var over og damarbeidet kunne ta til.

Kort fortalt så skyt ein seg inn under vatnet til ein har att nokre få meter, ladar siste salva, trekker med seg skyteleidninga ut i dagen, brenner av og vonar at det går som planlagt. Så langt var det full klaff.

Tunnelane var ferdige, i utløp mot Markjelkevatn var montert stålport, og ved sida av den ventil på 90 cm i diameter. Der skulle vatnet renna kontrollert ut. Mot Jukla stasjon vart det montert bjelkestengsel på 4×5 meter slik at det ikkje kom vatn inn i stasjonen, som var under bygging. Eit bjelkestengsel er H-bjelkar av stål som vert lagt i innstøypte føringar i fjellet. Mot stasjonen var turbinrøyret med ein diameter på 1,5 meter montert.

Men så gjekk noko forferdeleg gale!

Eit slikt stengsel er ikkje heilt tett, det var difor rigga til med pumper i stasjonen som skulle ta lekkasjevatnet. Utover kvelden og natta mot laurdagen syntest lekkasjen å auka, fleire folk og pumper vart mobilisert. I fire – femtida om morgonen braut heile stengselet saman. Ein opning på 20 kvadratmeter med 6 kilos trykk blir det vatn av!

Nede på dørken var seks mann i arbeid med rigging av pumper, oppe på stasjonskrana var ein krankjørar.

Her var det ikkje snakk om minuttar, men sekundar å koma seg ut. Dei  seks måtte opp ein vaklevoren trestige, krankøyraren måtte springa bortover krandragaren og ned ei like lang stige.(Sjå skisse nedanfor) Dei hadde to bilar inne, fekk kasta seg inn og køyrde nok ein del over fartsgrensa ut, og då var storflaumen i helane på dei!

På nære nippet!

Det gjekk bra, og det gjorde det nok fordi dei heldt nervene under kontroll, for det var sanneleg på nere nippet at ikkje sju mann gjekk med. Fem av dei som var med kjenner eg ikkje, men oppe på krana var Terje M. Enes, no i Kvinnherad Energi, og formann for pumpegjengen var Magne Leikvoll som enno er i Statkraft, Mauranger.

 

Mykje oppryddingsarbeid

Det såg felt ut etterpå, alt i stasjonen kom ut, mellom anna to månadars forskalingsarbeid, maskiner, trafoar, traktor, heile vegbana på femhundre meter og ein masse anna utstyr hamna utanfor. Eg kom opp om laurdagsmorgon og skulle på eit anna arbeid og var så heldig å ha med fotoapparatet.

I etter tid kan ein vel sei at dette hende på grunn slaurarbeid, ikkje av dei som var der då, men av andre.

Tabbe ein: Bjelkestengselet var ikkje skikkeleg støypt fast til fjellet.

Tabbe to: Der var ikkje montert mannlokk på turbinrøyret.

Det vart nok eit par månaders ekstra arbeid, men heile hendinga vart dyssa ned og lite kjent. 

Her skulle vatnet rent tomt på eit par veker. Mange ville opp å sjå  raseringa etter uhellet, f.v Knut Nordli, Harald Fredheim og Knut Enæs.