Ænes og Mauranger Bygdalag vart skipa i 1984 med det formål å vera eit samlande organ for bygdene, og arbeida for generell bygdeutvikling. Laget vil jobba for å styrka busetnad, arbeidsplassar og trivsel, og fokusera på samhald og samarbeid mellom bygdene. Me håpar denne websida kan vera med å bidra i så måte.
Oppslagstavle
Drøsekveld
Ænes og Mauranger Bygdag vil i vinter arrangere nokre Drøsekveldar i Mauranger Samfunnshus. Me ønskjer å samle bygdefolk og andre interesserte til ein kopp kaffi og den gode historia.
Kvar gong vil me invitere nokon til å halde eit lite foredrag, helst med lokalt innhald. Først ut er Johan Flatebø frå Nordrepollen. Johan har ord på seg å vera ein svært god historieforteljar. Han vil vise gamle bilder frå oppveksten og knyte historier til dei som fortel litt om korleis det var å vakse opp her inne i fjorden på den tida. Han har frie tøyler så det kjem sikkert ei og anna frå nyare tid også eller frå arbeidslivet i Statkraft sitt anlegg i Maurangerfjella.
Tid og Stad: Mauranger Samfunnshus søndag 22.11.26 kl 1700
Inngongspengar: kr 50 som også inkluderer kaffi og kake.
Alle er hjarteleg velkomne!