Framsida

Gjestebok

Her kan du fråtse deg med alt som lesarane våre har på hjarta.
Denne sida er open for det meste og for dei fleste. Om det er ros, litt ris, kjøp, salg, ei sjeldan god kakeoppskrift du meiner andre burde prøva, eller rett og slett ei helsing til redaksjonen, vener eller kjente.
Her har du i alle høve ein unik sjanse til å få det publisert. Kos deg!
 

Siste innskrift...

 
 
 
 
 

06.08.16

Ein liten snutt frå anleggstida.
Kan huska då eg fekk Peder Skog med på og grusa opp vegen til Rennedalen og få Oljeselskapet Fina inn med tjukkolja og spreia oppå som kansje ville bli oljegrus. Det blei blei vel meir eller mindre et mislukka prosjekt. Det blei et lurveleven av dimensjoner, og Peder blei kalla inn til Dølen, og fekk kjeft. Men som den danna person Peder Skog var, spurte han Dølen kva konto han skulle bruka på 'Hellikopteret dei brukte på jakt. Skulda for det heile fekk eg.
Ove Wiland
Skånevik.

 

18.07.16

Fantastisk sted!!

Stine Kommedal, Sadnes

 
 

23.12.15

Ønsker slektninger i Mauranger en varm og fin jul, og et fredens nyttår.
Med julehilsen (Haugesunds ) Kåre Øyre

 

25.03.15

Eg held på med ei Hardanger-songbok og skal m.a. ha med ein song frå Jondal som heiter 'Atter ein gong heime i Krossdalen'. Melodien som er oppgjeven, er 'Kom opp frå Sundal'. Har du høyrt om denne songen? Kjenner du melodien?
Eg vil vera svært takksam om du kan gje meg tips om denne songen/melodien, eller om nokon som kanskje kan kjenna til den.
Eg tenkte fyrst på Sunndal på Nordmøre, men det har eg sjekka ut, og der skrivst det dessutan med to n-ar. Den mest logiske staden er Sundal i Mauranger fordi det er nærast Jondal/Hardanger.
Eg tek med starten på jondals-songen slik det står:
 
ATTER EINGONG HEIME I KROSSDALEN
(Etter tone: Kom opp frå Sundal)
Enno ein gong vann eg heimatt til dalen!
Det angar av helgi og fred.
Alt strøymer mot meg - for her var eg alen,
det susar, det syng og det bed.
Fyrst augo ved bergkrå finn kvitmåla hus -
der ser eg far, mor og barneleik-brus.
Her er eg røta, og her er eg alen.
Skjelvande fell eg på kne.
 
(eg trur alt dette er eitt vers, men er ikkje sikker)
 
Kontakt meg gjerne pr. mail, tlf. eller post. Takk!
Helsing
Einar Vestrheim
Vestliveien 43, 1344 Haslum,

Tlf: 67590971/99341303   epost: einarvest@gmail.com

 
 

23.03.15

Kommentar til innlegg om dei gamle damene på Sundal. Det var nok ikkje berre damene som vart utsatt for terging?Kona mi fortel at kyra etter damene vart kjøpt av Peder`n eller Gustav`n og kom til Øvrehus.Det viste seg at kyra var olm og farleg for ungane og 'fasto'. Fasto Mathilde var jo liten av vokster og vart utsett for angrep.Ein dag ho var på veg til hønsene med middagsrestar vart ho overraska av Sundalskyra.Kyra brøla og bles i nasa og gjorde seg klar til angrep, men i siste sekund fekk fasto kasta seg inn på utedoen. Kven som terga opp kyra på Sundal veit eg ikkje , men eg veit at kyra faktisk vart nokså gamal på Øvrehus.Namnet på kyra skal visst ha vore 'Netto' eller 'netta'?

Jan Udstuen, Ve - Etne

 

12.03.15

Det var moro å lesa om huset i Sundal. Huskar godt desse einslege damene som budde der, og me gutlarvane hadde moro av å terga dei, særleg den eine, som var lett å fyra opp. Det var underhaldning når me frå Austrepollen ein sjelden gong var til Sundal.Ungane tenkjer ikkje alltid så mykje over kva dei gjer, ja forresten trur eg der var summe eldre og som klara seg.

Det var besten min,Johannes Øyjord, frå Gjetingsdalen som sette opp huset. Det veit eg heilt sikkert, for mor fortalde at han ramla ned der og slo seg så stygt at han låg til sengs i to veker. Doktor var nok ikkje påtenkt eingong.Han var rekna for ein uvanleg flink snekkar, både med hus og møblar. Eg veit ikkje om så mykje andre hus han sette opp, men iallefall skulen i Nordrepollen i 1898. Med seg i Sundal hadde han nok med seg Jensa-Hansen, far til Arne Sundal, og ein dyktig fagmann.

Dette kan kanskje verta ein liten serie på sida om hus med ei historie. Der fins enno nokon att, ein kan jo by rja med den vesle stova som står hjå Audun på Bondhus?
johs. Bondhus, Dimmelsvik 
 

31.01.15

Ras.
Deter heilt utruleg at ikkje Vegvesenet kan få vekk det vesle raset på vegen, ja det er faktisk svært lite samanlikna med der det verkeleg går ras. I 'gamle dagar' var Bård Bondhus på plass og rydda temmeleg fort. No må vegvesenet ha dagevis, på jobben. Er det farleg? Eg huskar godt då me hadde Nils Fårlund frå fjellskulen i Hemsedal etter raset i skulle læra oss litt om rasfare etter raset i Rennedalen Det eg huskar ¨aller best var då han sa at når det hadde vore åtte timar utan nedbør, så kunne ein sjå vekk frå rasfare dersom det ikkjhe vert utløyst av folk eller andre rørsler i snøen. Kor lenge har det no vore opphald? Men sjølsagt støttar eg dei som vil ha tunnel.

Johs. Bondhus, Dimmelsvik

 
 

10.11.14

Som tidlegare sjømannsprest i Rotterdam og San Pedro på 80-talet, var det interessant å lesa om krigsseglarane, ikkje minst Erik Mehus. Me hadde ein stor kontingent krigsseglarar i San Pedro, California, og dei sjøfolka sette eg høgt i kurs.
Takk til Johannes Bondhus. Me møttest på møte i Kvinnherad sogelag 21 oktober i år. Då vart eg merksam på denne sida.
Med helsing,
Arne O. Øystese, Øystese i Hardanger

 
 

28.10.14

Litt om Furebergbrua i 'gamle dagar'. Eg snakka seinast idag med han som køyrde transport med minibuss for Vassdragsvesenet i nokre år etter at brua var opna i 1970, han køyrde gjerne fleire gonger dagleg Rosendal- Mauranger. Ikkje ein gong hadde brua vore stengt, men det er klart at det var mange 'nesten' uhell. Og trafikken er no enormt mykje større, slik at det ville nok verta mange 'korkar' av folk som ikkje tør over. No er det derimot slutt på, såvidt eg forstår , steinkastinga inn på brua, etter at elvelaupet vart sprengt djupare. Men det burde kanskje vore opplagt med fylgjebil, iallefall for tungtransporten. Berre eit par ting eg sjøl huskar. Kona og eg kom utover og stoppa avdi me syntest det var i meste laget vatn. Framom oss sto der to lokale tøffingar på moped, dei venta litt og so for dei. Vel over kasta fossen ein stein som sikkert var ti kilo inn på brua. Då snudde me. Ein annan gong køyrde det lokale postbudet bilen opp på ein stein på brua, slik at den vart hengande og måtte slepast vekk. Eg hadde eit forslag til vegvesenet for eit par år sidan om å montera eit sikringsnett ovanfor brua, eit par meter høgt og oppspent på to waierar. Same slag som i fjellsidene, det hadde teke av for både stein og vassføyka. Jobben hadde vore gjort på eit par dagar. Dei takka for forslaget og skulle tenkja på det. Andre tiltak ligg vel langt fram.Johs Bondhus, Dimmelsvik

 

26.10.14

Vil takke slekt og venner for hjertevarme og deltakelse i forbindelse med min søster Anna Ragnhild ( Øyre) Lande sin bortgang. Mauranger og spesielt Nordrepollen sto hennes hjerte nær. 

Kåre Øyre

 

24.06.14

 

Dette var en flott og levende webside. Jeg har vært en del ganger i Rosendal da min svigermor har røtter i bygda. Under Under mitt siste besøk var jeg i selskap og kom i prat med Johannes Bondus som har tipset meg om websiden. Svært interessant.

Morten Rognmo, Brussel

 
 
 

20.02.14

Til Rolf M. Hausken, Stavanger
Når det gjeld opplysningar om sandbåten
'BØMLO' kan det vera eit tips å ta kontakt
med Knut Helge Kulshamar,
5727 Stamnes

Håkon Flatebø, Kysnesstrand

 
 

19.02.14

En Etterlysning.
På 70 tallet var der en sandfrakter som bar navnet Bømlo som gikk mye i Hardanger. Er der noen her på sidene som sitter med bildemateriale hvor en finner den?

Rolf M. Hausken, Stavanger

 
 

26.01.14

Good Evening.

My name is Andrew James. I live in Las Vegas, Nevada USA. I have been following your website for quite some time as my mothers father is from Sundal,. They emigrated from Norway to the US In about 1910 and lived in Minnesota and Illinois My grandfather went to St Olavs seminary then moved to Colorado where he was a pastor. He Visited Norway quite a few times to see relatives, as did my Uncle, David Sundal, My Grandfather was Olaf Sundal and his wife was Ruth. They Married in Freeport Ill. He passed away in 1972 and my grandmother passed in 1989. Their son David passed in 2012, so my mother is the only surviving Sundal in Colorado, They also had another daughter Marilyn, who lived in Seattle..In my parents living room are two cabinets that were made in Sundal made with wood Inlays representing the Fijord. I will forward a picture. My Great Grandfather was a guide for tourists wanting to see the Glacier, and I am sure it is him in the photo you have posted on the website of 'Glacier Guiding' as I have seen that card at my parents home in Colorado. I m looking forward to meeting and corresponding with you, as I am proud of my Norwegian heritage and would like to learn more about my ancestors and Norwegian heritage .  

Sincerely  Andrew Sundal James,  Las Vegas Nevada USA.   andrewsundal@gmail.com

 

05.01.14

Fann dette diktet av ARVID TORGEIR LIE på nettet.
ARBEIDAR OG INGENIØR
Diktet har ein undertittel med dedikasjon:
\'Den 7.januar 1970 omkom 7 arbeidarar i eit snøras på Mauranger-anlegget ved
Folgefonna. Dette diktet er skrive til minne om dei.\'
Og diktet opnar slik:
Høgt til fjells drog sju arbeidarar opp
i går små klede rundt sin kropp
og sat som høns på ein skavl snø
for å rene til sitt levebrød.
Og hjerte slår, men andre rår.
Vi er mange låge utan makt
som går i den svakes takt.

Olaug Hesvik, Austrepollen

 

29.12.13

Ønske om eit godt nyttår til kjende og kjære heime i Mauranger. I år blei det ei
roleg julefeiring for min del, fikk operert inn ny hofte 3 desember. så no humpar eg
rundt på to krykker. Det er ein ny utfordring, går utruleg bra. Godt Nyttår.
Helsing Bjørg Vist, Lyngdal

 

28.12.13

Vil ynskja alle i Mauranger og ellers alle som les på Maurangersida vel ovestått jul
og eit  velsigna GODT NYTTÅR!!!!

Masse helsing frå Aase og Johannes Bondhus, Dimmelsvik.
 
26.12.13

God julehelg og godt nytt år til alle kjente i Mauranger!
Helsing Arne Flatebø, Lierskogen

 

26.12.13

Forseinka julehelsing til alle lesarane av Maurangersida, og særleg til Kåre og Kåre
som har teke seg tid til å senda inn helsing. Det er det altfor få som gjer no, og
difor er eg redd at denne fine sida som kan vera med å halda kontakten vil stilt og
roleg\'avgå ved døden\'. Og det er isåfall synd, det er ikkje alle som har kasta seg
på \'fjaseboka\'. Den er grei nok, men jamen er der og mykje \'fjas\' som ein godt
kunne greidd seg utan. Og så går det jo an å bruka begge media. Kom igjen på nyåret
alle saman!! GODT NYTT ÅR!!
Johannes Bondhus, Dimmelsvik

 
 

24.12.13

Kom i sjikkele Julastemning åv tante Anny sitt innlegg her.
Trengte kansje da for da e ikkje mykje Julastemning her so eg befinne meg.Me har i
år valgt å reisa te Florida i USA. Her e da omtrent Norsk submar. I allefall
tempraturmessigt. Skyfri himmel ...da e vel ikkje heilt Norsk..... temperaturen
ligge rond 20 grader. Me har leigt et hus her borte og e 8 persona i lag.
Ongdoman kosa seg og kjøre den eine berg og dalbanen itte den andre. I dag har eg
fri og passa på huset mens di andre er på handling eller shopping so da heite
her.(tenk å jera da då på sjølvaste Julafto) Amerika kan anbefalast på da besta.
Folk e veldigt venlege og hjelpsome. Me ska vera her borte te øve nyttår, og me gler
oss te alt so me ska oppleva. Men te adle dåke idni Måringa og heldest kjente rondt
i vero HA EI KNAKANDE FIN JULAHELG og so snakkast me på Nyåret.

Beste Helsing Gitle Onarheim, Godvik

 

24.12.13

Slutter meg til \'Haugesunds Kåre\' sine gode ønsker
om en god Julehelg og alt godt i det nye året, til samme befolkningen.
To av våre oldeforeldre kommer fra bruk 1 og 2 på Bondhus.
Kåre Øyre ( Ålgård )

 
 

23.12.13

Ønsker slektninger i Mauranger ei varm og god
jul og gode ønsker for nyåret
Hilsen Kåre Øyre ( Haugesunds Kåre)

 

20.12.13

Ja så er me atter ein gong, komen til ei ny julehelg. Me glæda oss sjølvsagt i år
som åra me har lagt bak oss. I fjor var det ein  ekstra sterk storm som jaga gjennom
bygda, ca ei veke før jul, men me greidde å halda oss fast, sjølv om det flaug halve
hustak og bylgeblikk-plater over oss. Mykje godt har vel dei fleste å sjå tilbake
på. Andre kanskje kan ha hatt motegong av ymse slag. Nokon kan vera irriterte av
bagateller, saman-ligna, med andre ting. (ofte auga som ser). Eg glær meg over at me
har det godt, og at det går godt, omkring i bygdane våre. Når eg tenkjer tilbake på
min barndomsjul, var alt så høgtidlegt, ser så godt for meg smoltringane  som låg
ferdigsteikte på ein \'flatbrødleiv\' mykje betre som noko rist. SPRUTkjeksa,
serenakaker, så spennande det var å laga mønster med noko så enkelt som ein gaffel.
Kromkakene måtte leggjast spesielt fint i boksen, viktigt at dei var heile då dei
skulle fyllast med moltekrem. Dei hadde plassen sin i ein brei firkanta boks.

Nei no drøymer eg meg heilt bort. Da eg ville skriva om, var å ønskja alle mine naboer og venner og slekta ei fredeleg julahelg, kos dåke og slapp av.
Anny Øvrehus, Austrepollen

 
 

17.12.13

Ynskjer alle kjente ei god jul og eit godt nyttår.
Helga Larsen, Lørenskog

 
 

06.12.13

Takk for ein svært så triveleg bokkveld i går. Sjølvsagt kunne eg ønskja at det
hadde vore fleire folk, men dei som kom, var både interesserte og opptekne av
historia til sokna. Dessutan var lefsene til Anny gode!
Tor Bringedal, Herøysundet

 
 

27.11.13

Kjempefine nettsider dere har :)
Hilsen Hans Olav, Oslo
 

 

10.11.13

Vil takka hjarteleg, for den kjekke og vel planlaga Haustfesten. Alt frå Revyen til dei som jobba på Kjøkkent i salen,og Vaktene, veit så godt kor mykje arbeid som ligg bak eit slikt tilstelling. Det var berre så flott og koseleg, for oss, som fekk sitja å nyta det heile. Sist og ikkje minst, musikken!!!

Anny Øvrehus, Austrepollen

 
 

24.09.13

Korgafest (pakkafest) Laurdag 21.09 var da god gamaldags pakkafest i Austrepollen Grendahus.
Me fekk låna teltet til Æ OG M Bygdelag som me dekka bord i, å få sitja godt
då me skulle nyta så god mat. Auksjonen gjekk strykande, karane var flinke å by, og summen vart bra høg. Etter bordseta, vart det fleire som fortalde gode \'Vitsar\'. Så gjekk me innatt i den GAMLE SKULESTOVA. Der vart song og musikk av dei tre Onarheimsgutane og Eivind på munnspel. Veldigt flott at de stilte opp med historiar, Hjarteleg takk for da. Tusen takk til dåke damene som kom med mat, kaffi og noko attåt. Og dåke karane som var så flinke å kjøpa.
ME ER IKKJE SÅ MANGE : I Grendalaget, så me sette veldig pris på alle som støtta oss.
Helsing nokon av oss i styret

Anny Øvrehus, Austrepollen

 

02.09.13

Kan huska då me kjørte sand frå kaien nedom brakkene i Austrepollen, og Bård Bondhus ville snakka med mannskapet før dei heiv laus og bakka ut, men dei hadde ikkje tid til noko prat. Då Bård Bondus skuffa og vonbråten ropa, me blir ikkje kjente på denne måten. Eller når eg fekk i oppdrag og finna Rangvald Øvrehus som var på arbeid i Nordrepollen og levera snusdåsen han hadde gløymt heima. Eller når eg kom kjørande og blei stoppa av ei sinte dama på Kjøylo trur eg det hette. Ho var rasande for alt veg støvet etter bilane fauk bort til henne og mot huset. Dette ordna me med vegsalt Ola Eide og eg. Snakka mykje med henne seinare. Så var det Hynsi, og litle Kylling som var på blandeverket i Austrepollen, der Einar Sævareide bar tre 50 g sekker op ein gong frå lastebilen od inn på verket. Eller då anlegget kjøpte spretteutstyr for sementsekker som blei motert ute på anleggskaien, der mekanierane skulle drifta dette. Anlegget virka fint det, spretterane blei gr åkvite og medteparten av sementen fauk vekk. Eller når Seierstad og Århus var ute og fiska og Seierstad hadde laga seg ein straumførande krok som skulle lokka fisken til agnet. Århus fekk mykje fisk denne kvelden ute i fjorden, men Seierstad ikkje et napp. Har mykje meir.
Ove Wiland, Skånevik.

 

01.09.13

Kjekt å sjå Ove, at du er innom sida med litt \'nytt\' og gode minner frå anleggstida
der inne. Og det var no ei fin tid og, og eg har inntrykk av at dei fleste som var
med der lika seg godt. So var me no unge og det meste var lettare og meir moro. Dei
meir vonde tinga er det vel lika godt å gløyma. Skulle ynskja at fleire kan få
skrivekløen og koma med nokre minner frå den tida, for dei som veks opp idag er det
nesten uråd å skjøna korleis den tida endra Maurangerbygdene til det betre,
iallefall slik eg ser det, Jau det var ei fin tid, trur eg mest alle synest.Kom på
bana, skrivarar, og har nokon bilder, so er det fint om de kan dela dei med oss. Det
er enkelt, berre skanna og send inn.
Johs. Bondhus, Dimmelsvik

 

29.08.13

Litte granne til.
Kan huska då Merkesdal med krana skulle flytta \'Utedoen\' på gamleskulen i Austrepollen. Krantornet kom borti dei straumførane ledningane så gnistrane frese, og doen var komen godt oppom murane. I beste meining blei doen låra i viss fart så det braka og knaka men ikkje ei einaste hedla datt ned. Eller var det skulehuset huskar ikkje heilt, men trur båe står der framdeles. Eller når eg og Ola Århus venta på ein båt og hadde Peder Skog med oss, då han helsa på bjørka på Gjerde og lurte på kven som gjekk der. Ola hadde ein utruleg versjon, eg fekk ikkje fram et einaste ord og beit meg i lippo så eg byrja og blø. Har mange historiar frå denne tida.
Ein fin kveld til kvar og ein.
Helsing Ove Wiland, Skånevik

 

28.08.13

Takkar for svaret. på mine spørsmål. Det var greit og få greie på kva dette Jukla
namnet betydde, har lurt fleire ganger på det.
Har forsøkt to ganger og komme opp til Jukla til fots men det har ikkje lukkast.
Første gang bles det slik at me ikkje kunne komma opp og me snudde. Den andre gangen
var det omtrent like så. Vegen til Jukla  er som dei fleste veit ikkje enkel dersom
det ikkje i den seinare tid har blitt bsikra på enkelte plasser. Kjørte for anlegget
og var mykje på Jukla både med lastebil og tilhenger, og var med og drog mesteparten
av bustadbrakkene som var der under dambygginga. Kan huska ein gang då eg var oppe
og henta to damer som var oppe og gjorde klart for vinteren. I dritt vær med snø og
vind blei ikkje turen enkel både opp og ned, men slik var det enkelte tider  på
desse anleggs vegane. Får prøva eingong om me ikkje kan få nyta denne fantastiske
plassen som Jukla er og utsikten den har. Ein fortsatt fin kveld til kvar og ein.
Helsing Ove Wiland, Skånevik

 

27.08.13

Svar til Ove Wiland  sitt innlegg nedanfor

1. Navnet Jukla kjem nok frå isjukkel = istapp (t.d is frå Folgefonna som heng utfor berg og fjellknausar) Kanskje andre har ei anna forklaring?  

2. Køyrbar og god grusveg heilt frå Markjelke til Jukladammen, (5km) men Statkraft har av tryggleiksgrunnar den ikkje open for allmenn biltrafikk, den er stengd med låst bom. Ein flott spasertur oppover vegen.

Redaksjonen v/Eva

 

26.08.13

Gode vener.
Åra dei går så utruleg fort, det er nokre år sia 1969 når eg kom til Mauranger og byrja på anlegget. Blei godt kjent der i dei åra eg var der, og mykje er blitt forandra på desse åra. den tida eg var på anlegget gløymer eg ikkje, og tenkjer ofte på denne tida. Har vert innom nokre ganger og sett meg om der tankane dukkar opp. Lurer på ein ting kva betyr namnet \'Jukla\'? Et spørsmål til, er det muligheter og kunne kjøra opp til Jukla? 
Ha ein fin kveld kvar og ein.

Ove Wiland, Skånevik

 
 

23.07.13

No er da på tid at folk får skrivekløen tilbake. \'Bygdane\' er fulle av feriefolk.
SÅ, det kunne vore kjekt å høyrdt litt om kva de driv med. MEN, det er vel kanskje
slik at har ein ferie, så vil ein ha fri frå alt. Men på facebook  er det eit yrande
liv. Eg er heime og passer på drivhuset til Sverre. har alltid friske og gode
agurker. I jordbæråkeren er det ikkje så flotte bær som vanleg, men eg har hatt
jordbærdesert   mest kvar dag. mykje kaffibesøk og feriefolk. dei som kjem kvart år,
rekna eg med likar seg godt her. har faktisk vore og henta poteter i egen åker, er
liksom ikkje heilt vanleg det lenger. ja, dette var berre litt rabling ein sein
sumarkveld, som er så fin at eg kunne hatt lyst å vera oppe i heile natt,
Anny Øvrehus, Austrepollen

 
 

08.06.13

Takk for flott internettside. Her er det mye interssant stoff. og flotte forslag til
turer. Vi har hytta vår i Rosendal og benytter oss ofte av de flotte turtilbudene i
Mauranger. Vi gikk opp stien fra Folgefonntunellen til Mysevatnet og videre til
Holmaskjær. En fantastisk tur. Håper merkinga av denne ruta holdes oppe. Den var noe
gjengrodd og ikke like lett å følge alltid, så vedlikeholdsarbeid er nok nødvendig.
Men for en spennende rute. Den anbefales.
Knut Sellevold, Sandnes

 

02.06.13

Opphavet til navnet Ænes:

Det einaste eg finn om namnet er i Store norske leksikon, der det er meint
det kan koma av norrønt æðr ærfugl, eller beiteplass for hest. I Stuland si
Kvinnherssoge står det at opphavet til namnet er ukjent. Det har vore nemt
ærfugl, eng, agn (kvasst framstikkande nes) eller fleire andre ord som namnet
kan koma av.
MVH, Johs.B

 

29.05.13

Me i redaksjonen har fått forespørsel om kva navnet Ænes og Enes betyr. Er det nokon som har ei forklaring på det så send oss gjerne ein epost.

Redaksjonen/ mauranger.no

 

08.05.13

Ein flott reportasje du har laga der, Ottar!  Imponerande opplegg der borte, får
vona me andre og held koken lika lenge som sjefen der.
Kom igjen andre og med eitkvart av det ein er med på, slikt er kjekt å lesa!!
Johannes Bondhus, Dimmelsvik

 

08.05.13

Flott side frå eit område som  eg ikkje har komen meg til endå, lyt nok skriva opp
Mauranger på lista mi !
Flott biletgalleri !
Jan Holme, Skien

 

02.04.13

Tannklinikk.
Fin den, men då er det mest truleg at det er tannlege Årseth som kjem attende og vil
starta opp.
Johannes Bondhus, Dimmelsvik

 

24.02.13

Hei!
Hadde det vore ein tanke med litt oppfrisking av Maurangersida? I alle år har det
vore litt tilflytting av kjekke folk til Mauranger. Nokon av desse byrjar no dra på
åra, men i den seinare tid har det kome mange kjekke yngre folk og slått seg ned.
Hadde det vore ein tanke å laga ei sak på det, at ein tok for seg ein av desse, t.d.
ein kvar månad. Det treng ikkje vera verre enn å laga ein fast \'mal\' på
intervjuet, slik ein ser det av og til i avisene.Treng heller ikkje væra så langt,
men eksempelvis nokre faste spørsmål som. Korfor flytta du hertil, kva likar du
lesa, sjå i fjernsyn,har du katt- hund - andre dyr? Jobben din,ferien, reiser,
fritidssyssel,fiske, jakt. Lista kan gjerast uhorveleg lang, men det bør ikkje verta
altfor detaljert heller. No er det enkelt å få til. kan sendast ut på e-post. Der er
fleire faste postar på sida som har vore med tidlegare og no er borte, m.a. Mi
historie, Ottar sine intervju med dei eldre i bygda m.m. Det kan kanskje og verta
ein måte å marknadsføre bygda på. Er der nokon som har forslag, kom med dei.
Johannes Bondhus, Dimmelsvik

 

28.01.13

Gratulerar volleybadlarar!
Har aldri vore interessert i nokon form for idrett, aldri sett ein fotball, volleyballkamp eller andre kampar, ingen OL korkje vinter eller sommar og ingen ting elles som kan væra i nærleiken av noko idrett. Så då skjønar de at eg må vera heilt på utsida av alt slikt, og tilhører den 0,01 prosent som er enig. Eit unnatak er at eg stiller opp dersom ongane vil ha meg med å sjå på når dei spelar eit eller anna. Eg gjer dykk likavel masse skryt for å ha fått detta til og får ungdomane med, det er positivt. Gratulerar, og stå på vidare!

Johs. Bondhus, Dimmelsvik

 

12.01.13

Godt nytt år til alle, særleg til redaksjonen som har gjort ei flott jobb i 2012, og
som eg vonar vil halda fram i 2013 i same duren.
No er vel lutafisken oppeten, 15-20 måltid for vår del, og alle småkakene enten
gjevne til småfuglane eller frosne ned til seinare jolehelgar.
Så no folkens er det slutt med slaraffenlivet og tid for å koma i gong att med litt
aktivitet på Maurangersida. Ja,ja sikkert lett å sei for meg som berre daffar rundt,
andre har arbeid og masse anna å passa, og eg må nok ta litt sjølkritikk for at eg
ikkje har vore så flink  heller. Me kan sjå at det er månadsvis sidan der var nye
ting både på diskusjonsforum, bileta og gjesteboka. Nokon legg skulda på
\'fjaseboka\' som har teke over, men det går vel an å  vera litt begge stader,
Maurangersida er no hakket meir vetug, og er lesen frå Australia til Alaska. Er der
nokon som har nye tankar om korleis det kan utviklast vidare?  Uflytta Mauranger-
folk som kan fortelja litt om korleis dei har det, ja dei treng ikkje vera flytta
sjølve eingong, men etterkomarar  av slike, som kan ha eit minne frå feriar og
opplevingar der inne. Frå anleggstida til dømes, kanskje de har opplevd noko artig
eller spennande,der er uendelege moglegheiter. Kom igjen folkens, ta gjerne ein
frisk debatt  om alt mellom himmel og jord, det treng vel ikkje absolutt vera
relatert til Mauranger. Været er iallfall flott her idag, det kan ikkje nokon
protestera på.
Beste helsing Johs. og Aase, som passar på at eg får mat i meg i år og.
 

22.12.12

God jul og godt nyttår til alle kjente.
Det er kjekt med ei slik side så me som ikkje bur i  Ænes/Mauranger kan lesa kva som
skjer i bygdene heime.
Helga Larsen, Lørenskog

 

22.12.12

Ja, så er me komen til endå ei jul. vil ønskja alle SLEKT. NABOAR. OG VENNER ei god og fredsom jul, utan fleire stormnetter. Eg har budd i pod!len i snart 50år, mange gonger har det blese uhyggeleg hardt, men aldri slik, som no sist stormnatt.. Ei EKSTRA helsing og takk til dåke i Redaksjonen kor flinke de er som står på. Må me alle verta flinkare i året som kjem å koma med stoff (positivt) til \'sida\'

Anny Øvrehus, Austrepollen

 

17.12.12

Redaksjonen tar sjølvkritikk på at me er seint ute og dekkar stormen som herja i helga. Me vil tilstreba å vera tidleg ute å dekka store nyhende i regionen vår. Sidan mauranger.no er dugnadsbasert er det ikkje alltid me kan prioritere oppsøkjande journalistikk. Me er i større grad avhengig av at lesarane bidrar med tips og bilete. Det har vore ein tydeleg trend i haust at lesarane bidrar med mindre stoff til sida, men kanskje lettare bruker facebook og andre nettsamfunn. Har du eit bilete du vil dele med andre, del det på mauranger.no. Me vil sterkt oppmoda lesarane våre til å hjelpe oss å halda mauranger.no levande. Det er ein viktig kanal for å vise at Ænes og Mauranger er ein levande og vital del av Kvinnherad.

Redaksjonen

 
 

17.12.12

Hei i redaksjonen!
Kor har de gjort av dykk? Den verste storm i manns minne har feia over Mauranger med
tildels store skader. Ikkje eit ord eller bilete på sida. Eg veit iallefall at Olav
Hatteberg har teke mange.
God jul iallefall frå utvandrarane i D.vik.
Forresten var været like ille her ute.
Johs.B

 

03.12.12

Var til Sundal då juletreet vart tent, koseleg å sjå alle ungane med faklar, og
alle foreldre, besteforeldre og alle andre, så til Olaløa på god mat og basar. Jamen
så vann eg og. Flott at så mange møter opp. Ein fin og kjekk kveld.
Anny Øvrehus, Austrepollen 

 

24.11.12

Hei igjen!
Nei eg vil ikkje påstå at våre flinke folk i redaksjonen har gjort noko stort
overtramp som kolliderar med redaktøransvaret. Men det er eit faktum at dei to som
er tillitsmenn for Nortura og sit i redaksjonen. For nokre år sidan var det fleire
som levera ull i Austrepollen, alle til  Fatland. Og det var beinhard konkurranse
mellom dei to mottakarane. No er det visst berre ein ullleverandør att i Ap.diverre.
Eg er kanskje litt hårsår med dette, kanskje avdi eg for mange år sidan vart direkte
forsøkt lurt av ein kontaktmann, den gongen for Salgslaget,til å levera til
dei!.Annonsen for NSG i begge lokalavisene ca. 20. november opplyste korrekt om
hentedato frå begge konkurrentane.Og tilslutt: Kan me tenkja oss at dei to
serveringsstadene i Mauranger hadde tillyst ei nokolunde likt førjulstilstelning i
avisa, på same dag, og at ein repr. for den eine sat i redaksjonen og opplyste om
tid og stad for sitt arrangement? 
Med beste førjulshelsing
Johs.B

 

24.11.12

Svar til Johannes Bondhus

Redaksjonen kan ikkje sjå at denne informasjonsnyhenden om tidspunkt for ullhenting frå Mauranger Sau og Geitealslag/Nortura krenkjer mauranger.no sine redaksjonelle retningslinjer. jf. § 7. Dette er ikkje direkte partipolitisk stoff, reklame eller ei annonse. Mange av dei nyhendene som vert publisert kan gje økonomiske vinningar og fordeler t.d for turistnæringa eller andre næringsdrivande. (skjult reklame) Kor skiljet og rettferd går er vanskeleg og kanskje ikkje så lett å oppdaga før det er for seint. Kanskje ein lesar tenkjer litt lenger og veit litt meir enn andre og ser ord i teksten som PR.  Me er heilt klar på at redaksjonen skal vera habil, partisk og at me ikkje skal få noko personleg vinning av det me publiserar.

med beste helsing redaksjonen

 

23.11.12

Hei:
Her om dagen sende eg ein kommentar (sjå nedanfor)  om at de hadde informasjon på sida at ullbilen frå Nortura kom. Fekk de ikkje den.? Fatland har og i alle år køyrt ull frå
Mauranger og er ein særs god mottakar å handla med. Maurangersida skal vel vera
upartisk og ikkje favorisera ein av konkurrentane , eller?
Johannes Bondhus, Dimmelsvik

 

21.11.12

Ull.
Er så heldig at eg slepp tullet med ulla no, men har likavel ein kommentar til
annonsen om leveringa. Har de gløymt noko i annonsa idag? Fatland hentar og ull like
bra som andre, mange brukar den bilen. For Maurangersida skal vel væra upolitisk og
upartisk, eller?
Johannes Bondhus, Dimmelsvik

 

16.11.12

Eg vil takka så hjarteleg for alle som kom på 75-års dagen min, og for alle helsingar,
blomar og gåver som eg fekk.
Sverre Øvrehus, Austrepollen

 

21.10.12

Hei, Karin Thauland!
Takk for din respons! Ja, jeg syntes det var veldig artig å se, var ikke klar over
at der var noe fra Rosendal, og! Den gamle lemen var flott! 
Jeg lurer på om scenen ved Furebergfossen stoppet trafikken da den ble filmet!
Mvh,
Bente Tarantola, California

 

04.10.12

Det var diverre feiloppføring i arrangementskalendaren vår, rett dato for konfirmasjonsjubileum er 14 okt.

red.

 

04.10.12

Såg på \'Arrangement\' står det 10 oktober dato for Konfirmasjonsjubileum. På
invitasjonen står det 14 oktober. Eg har fått spørsmål om kva som er rett frå ein
som er fråflytta.
Anny Øvrehus, Austrepollen

 

27.09.12

Til Ragnar N. sine spørsmål og undringer.
Johs B. har svart på \'Kaldahole\' der er ikke noe og legge til eller trekke fra.
Det var fenomenet med ferskvann i oppkommene i fjeresteinene med naustet til Ingfrid Ø. jeg tenkte å prøve meg på.

 

Tror det er så enkelt at tyngdeloven kommer inn i bildet, ferskvannet flyter oppå det saltere vannet, det ser vi når det har vært mye nedbør og som etter en frostnatt legger det seg is på sjøen. Som kjent fryser det ferske vannet raskere en det salte. Det som sjer i oppkomma er at det salte vannet trenger seg inn i grusen. Etter hvert sjøen stiger og løfter da det ferske lettere vannet opp når sjøen flør. Ferskvannet er en underjordisk bekk som renner hele tiden. 

Kåre Øyre, Ålgård. 

 

15.09.12

Etterlysing etter eigar av ei jakke :

Etter dansen på Maurangerdagen 25/8, vart det hengande att ei brun Skogstad jakke.

Saknar du jakka, kan du ta kontakt enten med Mauranger Oppvekstsenter eller Solveig Fredheim, tlf 53484119 (Solveig).

 

07.09.12

Har vore til Jondal og handla matvarer for fyrste gong i dag. Traff mest berre
Maurangerfolk i butikken. Flott med nye muligheter.

Anny Øvrehus, Austrepollen

 

02.09.12

Ragnar Nødtveit ettrlyser ei forklaring på eit naturfenomen i Nordrepollen. Det er
ikkje så veldig stort mysterium, og fins overalt i natura der det er vatn.
Inne i fjellet og nede i jorda  er temperaturen stort sett lik heile året, 6-8
grader, lite påverka av sumar og vinter. Det har me som har vandra i tunnelar til
fots sett mange plasser . I ein tunnel i Jondal er der m. a ei frisk kjelde der me
henta drikkevatn med den temperaturen. Slik er det stort sett over alt der vatn renn
under jorda, og det gjer det overalt. Det treng ikkje ha sitt utspring i ei
elv.Likeeins er det med \'kaldahol\' i store urar, og det er det mange av her
omkring,. Alle har me vel som ungar og kanskje vaksne, krope langt inn i ei slik ur
og kjølt oss av. Sommar sola når ikkje langt inn der.

 

I Bondhuselva har du det motsette fenomen. Om vinteren når vassføringa er veldig
liten, så renn alt vatnet ned i den store ura heimom vatnet. Sjøl om vatnet renn inn
i ura med nedmot 0 grader, så vert det inne i ura varma monaleg opp, og det gjer at
elva sjeldan, kanskje aldri,frys til som andre elvar gjer, uansett kor kaldt det
blir.
Johs. Bondhus, Dimmelsvik

 

29.08.12

ETTERLYSING!
Det var ein som hadde observert bukkar oppe med Fonnabu. Før vedkomande visste ordet
av det så var dei vekk. Om andre har observert eller hatt kontakt med dei, så er eg
interessert i all info! Skulle det vera mine dyr, så er det ein gjeng på 8 stk inkl.
stort og smått. Den eine er f.eks svart/kvit, kollete, blå klave m/bjølla, 2 stk
litt store m/horn, dei fleste litt brunaktige. Om du har sitt dei, ring meg! Skulle
du ha eit bilde av dei, send det gjerne på tlf: 936 20 875. Bukkane holder til i
Austrepollen og vil heim!

Mvh

Grethe Hesvik, Austrepollen

 

24.08.12

Hei Bente Tarantola.

Terje Enes på gården ved sjøen nær sagbruket var med på filmen.
Jeg så klippet fra Ænes og Rosendal hos han. Anders Enes og flere andre var og med
som arbeidere på saga. De spilte inn en av senene inne i huset på gården og. Det var
artig å se.

Karin Thauland, Rosendal

 

22.08.12

Hei, er det nokon som har sett ein stor gul/orange hannkatt i nærleiken der du bur..
Vi saknar ein på Løfallstrand, som har vore vekke i to månader no. Har prøvd
plakater i Rosendalsområdet, men det kan jo hende han har tatt andre vegen.
Synnøve Brattetveit, Løfallstrand        synnove.brattetveit@hjertevakten.no

 
28.07.12

Eg leitar etter nokon som sell kvit italiener som er ein hønserase.
Håvard frå Ølve

anteigen@online.no

 

26.06.12

Dritsøte kaniner gis bort til dyreven !

Ta kontakt med Ida på tlf 90082651. (Evt. Ottar 90067577)

 

16.06.12

Hege melder til redaksjonen at den sakna katten (sjå nedanfor) er komt vel heim.

red.

 

11.06.12

Sakna katt
Denne katten er nyleg flytta til Bondhus, og har kome seg ut. Han er sky og
ukjend i området, og me trur ikkje han veit kor han høyrer heime. Set pris
på om du gjev ein lyd til Hanne, Sveinung eller meg om du ser han! PS:
Han har nok litt mindre pels no enn på dette biletet.
Mvh
Hege Sandvik,  (tlf: 41 61 46 59)

 

28.05.12

Basaren: Austrepollen. Vil takka hjarteleg for alle som kom på basaren, og støtta
oss. da va utruleg att så passa mange kom, kunne sikkert tenkt seg heller, ein tur
på fjellet, eller båt-tur på sjøen. takk til dei som gav gjevinstar, kjøpte raust på
loddboka og årar. Takk til musikantane som liva opp, MED MUNTER SONG OG MUSIKK. STOR
takk frå oss i \'styret\'
Anny Øvrehus, Austrepollen

 

18.05.12

Eg tenkte først det måtte vera deg, Gaute, men det var visst ein namnebror. Artig
likevel at ballongen hamna nesten heime i Mauranger:)
Håpar elles at alle har hatt ei kjekk 17.maifeiring!

Signe Sandvik, Bergen

 

27.04.12

Har fått spørsmål av fleire om det var eg som fann ballongen. Det var det desverre
ikkje. Hadde vore kjekt. Det må vera ein annan som heiter Gaute.
Helsing Gaute Bondhus, Austrepollen

 

20.04.12

Tusen takk Gaute, som fant teddynaut ballongen vår. Vi er veldig takknemelig for
stor leteinnsats.  
8.trinn slåtthaug skole, Bergen

 
17.04.12
 

Har nokon funne vérballongen vår?
I dag sende elevane mine opp ein vérballong frå Bergen, med ein boks med blant anna
eit lite videokamera i. Me har ein GPS-tracker i boksen, og det viser seg at han i
skrivande stund ligg og flyt i fjorden rett nord for Varaldsøy. Det er lite batteri
at på GPS\'en, så det spørs om det varar over natta. Dersom nokon finn dette
utstyret, eller høyrer om nokon som har funne det, så er eg veldig interessert i å
høyra frå dykk! Vérballongen kan gå ganske høgt, omlag 30 000 km, så me er veldig
spente på å sjå filmen :)
Signe Sandvik, Bergen

 

06.04.12

Ottar!
Fin los artkkel:-)
Mvh
Roar Kyvik, Tysvær

 

04.04.12

Jeg vil gjerne ønske alle venner, kjente og familie en riktig God Påske!
Stor var min overraskelse da jeg nylig bestilte en 6 timer lang italiensk film som
heter \'La meglio gioventu\'\' (The best of youth) og så forfilmen med klipp fra
Furebergfossen og jeg tror sagbruket på Ænes? Navnet Terje Enes ble ropt opp mens
arbeiderne på sagbruket ble betalt.Der var scener fra en gammel lem, jeg antar på
Ænes?  Det blir spennende å se hvor mye som vises derfra i den virkelige filmen!
Kanskje også fra andre steder i Mauranger? Noen som har sett filmen? Den ble filmet
i ca 2003. Noen fra Mauranger og Ænes som var med i filmen? 
Bente Braathun Tarantola, California

 

30.03.12

Kjekt å lesa Ottar sitt innlegg om losen sin kvardag, kanskje eit av dei mest utfordrande og spennande yrke som fins, med stort ansvar. Mange har problem med å lukeparkera bilen sin i trafikken, losen skal 'parkera' ein båt som kanskje er to-tre hundre meter lang i tett trafikk. Særleg kan nok den aukande lystbåtflåten vera ein prøvelse, då mange av dei ikkje har peiling på sjøvegsreglane.

 

Ein sjelden gong gjekk det gale, ein los køyrde oss opp på ein sandbanke utanfor Holland, me hadde ti taubåtar for å dra oss av.Tenkte å skriva litt om kva forhold me på 'den andre sida', dvs båten som tok los,hadde til losane. Enten me hadde vore på havet i eit par dagar eller to-tre veker,så var losen den første me fekk kontakt med når me nærma oss land. Standardspørmålet var: Når får me losen? Det var avveksling i kvardagen, mange hang på rekka då og skulle sjå når losen borda, det var litt spennade når losbåten kom opp på sida i full fart, kanskje i grov sjø og slingring. Klarar han entra losleideren i første forsøk, eller må han ta ein runde til? På ein tankbåt i ballast kunne det vera mange meter opp leideren. (Ikkje for å skræma kona, men me såg ein som datt i sjøen eingong), han hadde hiveline på seg så det gjekk bra.

 

Min jobb var no i maskinrommet, men på frivakta var det ofte på brua og fylgja med på innseglinga, spesielt moro i hamnar der me ikkje hadde vore før. Den gong var ikkje teknikken som no, med sidepropellar og ein joystikk på brua for kjøring av maskina. Då var det maskintelegraf og direkte kjøring frå maskindørken. Nokon hamnar kunne vera reine marerittet, mest for losen og kapteinen , men og oss nede. I Europa minnast eg helst Antwerpen, med den lange elva opp og den enorme hamna som har hundre kilometer kai på kryss og tvers og sluser overalt. Båtar i hundretal i alle retningar. Der hadde me som regel fire taubåtar, og maskintelgrafen gjekk i eitt, litt forover, litt akterover, kanskje berre nokre sekundar. Der greidde me ogå tippa ein taubåt så tre mann drukna. Det kunne ta mest eit døger før me var fast i kaia.

 

Den gong tok alt lengre tid, me kunne av og til liggja for anker i fleire dagar ogventa på kaiplass. Det var mest irriterande å liggja i ro, då varstandardspørsmålet: 'Kjem ikkje den forb----- losen snart, så me kjem oss til kaia' Men det var då sjølsagt ikkje losen sin feil. Og så minnest eg ein kaptein som alltid var litt nervøs før me fekk los, og byrja ropa både i VHF radio på 'pilot,pilot' lenge før me var inne mot losstasjonen.

 

Noko som kanskje ikkje er så kjent: Norske losar var vel ansett, pg fekk jobbar i mange land. I mi tid var der m. a mange norske losar i arbeid i Suezkanalen. Dette var litt mimring om korleis eg opplevde losen for lenge sidan.

   

Johs.Bondhus,Dimmelsvik

 

25.03.12

Vil berre få sagt at det er mange gode innlegg og saker på mauranger.no.
Nett no har eg lese om loslivet til Ottar. Glimrande lesestoff! Godt skrive i ein
fin tone. Ser fram til neste \'bolk\'!
Evald Storaas, Bondhus


 

15.03.12

Jeg er innom mauranger.no nesten hver dag, og jeg må innrømme at jeg er skuffet når
der ikke er noe nytt å lese. Det har vært veldig interessant å lese om de historiske
funnene i Austrepollen, Johs sine innlegg fra krigstiden, diskusjoner i forumet,
etc.. Også ser jeg etter bilder av kjente fjes av den eldre garde, siden jeg ikke
kjenner de yngre beboerne ( dog er veldig nysgjerrig hvor de kommer fra).
Selv har jeg gjerne litt redsel for å dumme meg ut, for ikke å skrive noe som har
interesse for andre, for ikke å få respons på det jeg skriver  eller svar på spørsmål jeg måtte ha. Kanskje andre føler det litt på samme måte?
Jeg føler meg litt som en \'outsider\' siden det er 44 år siden jeg bodde der, men
er fremdeles interessert, Mauranger er ett av mine favorittsteder, jeg er litt
nostalgisk, har mange gode minner derfra.

Bente Tarantola,  Sacramento California

 

14.03.12

Takk for rettinga, Samson. Det kom eg ikkje på å sjekka i farten, burde vel visst
det, det er då vår nære slekt.

Johs. Bondhus, Dimmelsvik

 

13.03.12

Krigsminne på Mauranger .no !         

Veit ikkje om Erik Medhus var heimom i 1946. Men då var både faren og mora døde.Margrete Medhus i 1940 Johan Medhus i 1945.

Samson Øyjord, Rosendal

 

10.03.12

Kan ikkje anna enn å vera einig med Johs når det gjeld dette med å senda inn bileter og stoff til redaksjonen. Hadde håpa på fleire bileter av daglege sysslar no i dei triste vintermnd. men det har uteblitt. Skal mauranger.no vera ei sida som folk skal gidda å gå inn på så må me vera flinke til å fornya oss. Det viser seg av statistikken på diverse nettsider rundtom at kvar brukar klikkar seg vidare etter ca 30 sekund om det ikkje er noko nytt på sidene. Slik vil me ikkje ha det.

Oppfordringa frå underteikna er enkel: Har DU noko du vil sei,noko du meinar noko som helst om. Saker du brenn for. Stilige bileter, mindre stilige bileter eller rett og slett bilete av ein kvelva bossdonk. Nøl ikkje. Send inn dette til redaksjonen og me publiserer (nesten) ukritisk :-)

Tore Bondhus

Jonane

 

09.03.12

No må de skjerpa doke folkens, og skriva noke i gjesteboka. Det er gått over to
månader sidan siste innlegg, og det var det faktisk eg som la inn. Kom på banen, det
ser sikkert mange ting å dela med andre, både skjemt og alvor. Det er sikkert mange
som les sidene men dersom ein ikkje sender inn  meir enn no,så endar det snart med
at ingen giddar lesa heller. Det var for ei tid sidan oppmoda om å senda inn vinterbilete, no er snart vinteren over, men synd å seia at det har blitt for mange av dei. Der er sikkert  masse lesarar andre stader i landet og, og andre land for den del, så kom igjen folkens så me får sjå korleis de har overlevd i desse klimakrisetidene.  Og kva med eit og anna reisebilete, eller frå arbeid rundt på jorda? Ottar kan starta med eit bilde eller to frå losjobben på havet.
Beste helsing
Johs. Bondhus

 

31.12.11

Åshild Johanne og Gjøa ynskjer godt nytt år, og øver seg til nyårskonserten.
Aase og Johs. helsar og til alle kjente.

 

23.12.11

God jul og godt nyttår til alle kjente.

Helga Larsen, Lørenskog

 

21.12.11

Me vil ynskja adle, både store og små, tobeinte og fleirbeinte ei fredeleg og god julahelg.

Beste helsing Marit og Gitle i byd`n

 

19.12.11

Pilagutt vil ynskja alle i Mauranger, spesielt innbyggjarane i Nordrepollen
og Gjetingsdalen, ei Riktig God Jul og eit Godt Nytt År!
Vil takka for eit godt samarbeid i 2011.
Mvh.Kurt Sollesnes, Solesnes, 5627 Jondal
http://www.pilagutt.no/
  

16.11.11

Takkar Ænes og Mauranger Bygdalag for ein kjekk revy, god mat med dans.
Veit det ligg mykje arbeid, innsats og dugnad i ein slik flott kveld.
Tusen takk alle saman.
Helsing Øyvind Hardeland, Seimsfoss
 

10.11.11

Brua i Tveitnesvik.
Ja det har du jamen rett i, Tore. Reiser jamleg forbi der, av og til kan ein sjå ein
kar som står og pirkar i betongen med ein meisel, og så er det opphald nokre dagar
eller veker  igjen. Trudde firma hadde anbod på slike jobbar, med tidsfristar, og
går det utover den så blir det vel dagmulkt. Kanskje tar eg feil?
Johs. Bondhus, Dimmelsvik 

 

Fleire kommentarar  på brua sjå under diskusjonsforumet

 

03.11.11

Hei.

Har du ein brukt ' tripp-trapp stol ' til salgs ? Då ynskjer me å kjøpa den ;-)

Ta kontakt med Kari på tlf: 95 96 78 24

 

30.10.11

Ros til redaksjonen! Liker det nye formatet med flotte skiftende bilder!!
Bente Tarantola, California

 

24.10.11

Nei, detta går ikkje, no må historiane koma på banen igjen, det er mange som sit
inne med mykje godt stoff. må kanskje utfodring til??, Eg ventar med spenning.
Det er viktig at det kjem inn nytt stoff, både på /:FOLKEMUNNE og dei andre sidene
Anny Øvrehus, Austrepollen.

 

Redaksjonen utfordrar med dette Anny til å dele ei ny historie med lesarane og skrive vidare på vandrehistoria.

 

24.10.11

Svar til Tor Bringedal;

Eg trur at navnet Johan Nerhus skal vera Johan Mehus ( kan vel vera utydeleg
håndskrift)  Johan Mehus var fødd og budde på Mehus i Gjetingsdalen til han døde i
1945.
Anfinn Bakke, Gjetingsdalen

 

30.09.11
Vil takka mauranger.no for eit kjempefint bilde som premie.

Tusen takk!
Linn Øyre, Nordrepollen

  

20.09.11

Hei
Eg arbeider med kommunalhistorie frå slutten av 1800 talet og fram til
kommuneslamanslåinga. I følge møtereferat var ein Johan Nerhus medlem av Ænes
soknestyre på 20-talet og han møtte også som varamann til kommunestyre. Eg klarer
ikkje å knyta han til nokon gard i Ænes- sokna, finn han ikkje i folketeljingane i
1900 og 1910 og heller ikkje i nokon kyrkjebøker. Eg vil tru han var fødd mellom
1870 og 1890. Kjenner nokon til denne mannen?
Tor Bringedal

 

19.09.11

Nei det ser ut til å gå rett dass,Helge. Trudde du på Arbeiderpartiet? Det har aldri
eg gjort, og fekk rett igjen.
Johs. Bondhus, Dimmelsvik

 

19.09.11

Hei Helge.
Er redd du var litt tidleg ute med gratulasjonane. Ser nett i Kvinnheringen at nye
konstellasjonar har dukka opp.
Det er berre å beklaga at det ikkje vart som me håpa.
Evald Storaas, Bondhus

 

19.09.11

Hei.Veit ikkje heilt om redaksjonen har fått med seg att  me har fått ein ordførar, frå regionen Ænes og Mauranger.Det var på tide med ein ordførar frå indre luten og.

Helsar so mykje til Leif Sverre Enes med sigeren.

Helsing Helge Enes.

  

18.09.11

Har gått og gledd meg til den gode historien  som skulle koma frå, BÅRD Bondhus. I
disse regntunge haustdagane kunne det friska opp med litt gymnastikk for
lattermusklaturen. så kom igjenn Bård!!!!!!
Anny Øvrehus, Austrepollen

 

05.09.11

Ser at senterpartiet sponsar denne sida.Det er ein
uting at politiske parti kan sponsa ei avis side.
Då er de ikkje objektive. Helde meg vekke herifrå,
til anonsen er vekke.
Jan Lygre, Nordheimsund/Gjetingsdalen

 

Mauranger.no skal vera partipolitisk uavhengig jamfør våre redaksjonelle retningslinjer.

Annonsa frå Senterpartiet er sett inn for 14 dagar og har frå vår side kun intensjon som kjærkomne driftsinntekter til sida.  Ser at  annonsa kan misoppfattast som at me er talerøyr for eit politisk parti. Nettløysinga tillet begrensa plass for publisering av annonser. Kanskje plasseringa av annonsa i lag med næringslivsannonser framhever denne misoppfattinga. Me beklagar dersom annonsa virkar støytande på enkelte lesarar. Me vil forøvrig gjerne ha fleire annonser frå andre politiske parti.

Redaksjonen   

05.09.11

 

07.08.11

Fant ein 140l grønn avfallsdunk på rek utmed Tveitnesvikjo,torsdag 4.august
Står Hytteavfall på lokket. Er det nokon som savnar den?
Eg har den.  Ring 91858651
Gaute Bondhus

 

07.06.11

Bygdalagsturane!!!  Først vil eg gje STOR ros til Turnemda, som merkjer \'Turar\'
til oss år etter år, og ikkje minst held orden på kor mange turar me har gått. Flott
å sjå alle borna, som er blitt glad å gå. Det viser at foreldra har teke dei med frå
dei var små. DET som eg lurte på, var om det var muleg, at de kunne setja cirka tid, det tar å
gå, på same sida som står at TUREN ER MERKA.
(berre eit spørsmål)???  (Skal prøva å få opplyst ca gangtid, mvh Red.)

Anny Øvrehus, Austrepollen

 
 
 
 
  Tilbake

 

Eldre nyhende
30.08.2017
Program - folkemøte om bustadtomter og veg
Laurdag 2. september frå kl. 14.00
Les meir
28.08.2017
Festdag i Bondhusdalen
Glitrande sol og glitrande humør
Les meir
18.08.2017
Førehandsrøysting
Stortingsval og Sametingsval 2017 
Les meir
12.08.2017
Folgefonna Opp og Maurangerdag
Velkomen til ein festdag i ly av Folgefonna
Les meir

Sponsor Lenkjer
Statkraft
Sjøtroll havbruk as
Lio Sag & Treforedling
Norsafe
Gjetingsdalen Kraft AS
Folgefonni Breførarlag
Lokalavisa Grenda
Gjerde Kraft
Mauranger Stein
Dalelvo Kraft As
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS - Design: Ibox AS