Skip to main content

Krigsminner

Minne frå 10.april 1940 av R. Nøttveit, tyskarmakta inntar mauranger i 1940.

Krigsskip gøymer seg i Maurangerfjorden

Natt til 10. april 1940 kom kryssaren ‘Køln’ inn Maurangerfjorden og la seg til med Plasset mellom Træ og Bergstø. I fylgje med ‘Køln’ var to mindre marinefarty, to torpedojagarar med namn ‘Leopard’ og ‘Wolf’. Dei ordna seg med samband (ljos) utetter fjorden, heilt til havs.

Mellom anna hadde dei ein signalpost på Furebergknappen og ein i  Maurangsneset. ‘Køln’ vart liggjande ved Flatebøsvoene til i sjutida  den 10. april. 

Kvifor denne flotiljen tok vegen innover Maurangerfjorden har ein lurt litt på. Me veit at søsterskipet til ‘Køln’, kryssaren ‘Køningsberg’, vart  først skada i åtaket på Bergen og seinare senka same dagen av engelske stupbombarar medan han låg ved Skoltegrunnskaien i Bergen.
Somme meinte at også ‘Køln’ var noko skada i åtaket på Bergen og hadde bruk for å ‘ta seg litt igjen’ på ein skjerma stad. ‘Køln’ greidde seg elles bra gjennom krigen og vart ikkje øydelagd før heilt på slutten av krigen. 

Det vert fortalt at ein av torpedojagarane ville leggja til kaien på Sundal. Båten seig innover mot kaien. På kaien sto nokre karar frå Bondhus/Sundal. Landtau vart kasta opp på kaien, men ingen gjorde teikn til å dra trossa på land. Dette kunne ikkje tyskarane forstå, dei var då komne til landet for å ‘berga’ oss.

‘Jungeltelegrafen’
Folk på Ænes hadde sett krigsskipa som var på veg innover,og det vart telefonert innover til Mauranger for å varsla folk der inne. Det vert fortalt at ein del folk frå Sundal flytte innover til Bondhus, då dei tykte dei vartryggare der.

Skot etter norsk sjøfly

Fredag den niande januar 1970 starta vel som ein vanleg dag på Folgefonnanlegget,med folk omkring på mange stader, sjøl var eg i maskinverkstaden som låg der tunnelen inn til Mauranger kraftstasjon byrjar. Oppe i Rednedalen var det taubane frå vatnet og opp til tverrslag der tunnelen mellom Mysevatn og Bondhusbreen går. På taubanestasjonen var ettermiddagskiftet klar til å dra opp i eitt-tida, og morgonskiftet returnera nedatt med same bana.

Men været var grapse, taubanekøyraren hadde visst lite lyst å starta, korga slang veggimellom i slikt vær. Han syntest og det var nokre rare utslag på instrumenta, men såg ingen ting i snøfokket. Det var ofte luftige turar med den transporten. Nede i Austrepollen var det og uvær, det sleit ned rulleportar i verkstaden, sludd og fokk, og slik eg hugsar omkring 0 grader, men ikkje meir enn ein vanleg syd auststorm. Oppe i Rednedalen var det mykje verre, det er som ei trakt der vinden trengjer ned gjennom. Korleis me fekk beskjed minnest eg ikkje, men brått var det ein veldig aktivitet av folk og telefonar om at me måtte gjera oss klar til å dra oppover for å hjelpa det me kunne.

Beordra ombord

10. april 1940 var ein onsdag, og dr. Haugen hadde kontordag på Sundal denne dagen. Han var nok komen frå Løfallstrand med skyssbåt. Då det leid litt på, vart han kalla i sjukebesøk til Nordrepollen. På veg innover til Nordrepollen vart skyssbåten med dr. Haugen praia av båt som vart sett på sjøen frå ‘Køln’, og dr. Haugen vart teken om bord i kryssaren. Lækjaren var ei god stund ombord på ‘Køln’, og skyssbåten fekk ikkje fara ut fjorden før den tyske flåten forlet Maurangerfjorden. ‘Køln’ forlet Mauranger kl. 18.45 den 10 april.

Reint farvatn

Georg von Hase fortel om innseglinga til Bergen. Dei var nok spente om bord i dei tyske krigsskipa og om kva slags mottaking dei ville få i Bergen. Dei visste vel om dei ymse festningsanlegga langs kysten. Då nordmennene sløkte fyra og lyktene langs leia, skjøna dei at dei var oppdaga. Men ikkje alle lyktene vart sløkte, og langsamt greidde dei å ta seg innover bergenleia. ‘Køln’ vart angrepen av engelske fly og sett under eld, særleg frå Hellen fort.

Dei miste to mann om bord i ‘Køln’, og seks vart såra. Ein av dei såra døydde natta etter. Von Hase nemner ikkje kva som skjedde med søsterskipet til Køln, ‘Køningsberg’. ‘Køln’ og dei to torpedojagarane ‘Wolf’ og ‘Leopard’ tok seg ut til Krossfjorden og gjekk sørover og hadde Selbjørnsfjorden på styrbord side. Dei har truleg då gått sørover Langenuen, for så å ta innover Hardangerfjorden ved Leirvik, dei visste nok at her var reint farvatn heilt inn til Mauranger. Dei visste vel og at Nordrepollen er djup og grei, medan det i Austrepollen er fullt opp av skjer.

'In strahlender Schønheit'

Mesteparten av denne onsdagen 10. april, låg skyene over Maurangerfjorden, det høvde nok bra for den tyske krigsflåten. Så mot kveld då ei letta anker, klårna veret og dei tyske fekk sjå naturen der inne med Folgefonna og dei høge fjella med nysnø på ‘in strahlender Schønheit’. Mange tyske hadde i åra før krigen opplevd same synet som deltakarar på turane til ‘Kraft durch Freude’. Kanskje finn med her forklaringa på kvifor dei stakk seg vekk i Maurangerfjorden den 10. april 1940. Av Ragnar Nøttveit, Ænes (Januar 2008)

Etterskrift

Det var nok ei skræmande oppleving for folket her inne å sjå desse krigskipa på fjorden, særleg ‘Køln’ med sine enorme kanontårn. Dei visste nok alt at det var krig, men sikkert ikkje kor ille det verkeleg var i landet. Det har vore vitsa om at folk tok med seg både proviant og anna og stakk til fjells. Men hadde dei visst kva som hende i Ofotfjorden same dagen, so hadde dei i allefall rømt enno lenger. Kort fortalt, der gjekk fem engelske jagarar under kommando av den legendariske captain Warburton- Lee inn mot Narvik med 25 mils fart, i storm og tett snødrev med sikt ned mot 10 meter, utan radar ( var ikkje oppfunnen), los eller tende lanterner.

Snakk om navigasjon ! Det vart eit voldsomt sjøslag på Narvik hamn, granatar og sprengte skipsdeler hagla over både sjø og land. Dei sivile sat vettskremde i kjellarar, mange blei drepne. Mest alle dei tyske båtane i hamna vart senka. Slikt var det berre den engelske marinen som kunne klara, men dei og hadde tap av minst ein båt. Sjefen sjølv fekk skoten av begge beina, og døydde i fjæresteinane der, saman med mange andre. Det vart snakka om at dei tyske skipa hadde gått inn her avdi dei var redd den engelske marinen i Nordsjøen, hadde den fylgt etter kunne det blitt svært farleg på land her og. Av Johannes Bondhus, Austrepollen (Januar 2008).

Kjelder: Gunnar Sundal, Rosendal. Einfrid Storegjerde, Løfallstrand. Kvam i krig 1940-45. Minne frå krigsåra. Johannes Storlid, Norheimsund: Krigsteneste mellom himmel og jord. Side 248. Grenda , tysdag 16. april 1996: Kryssaren som gøymde seg i Mauranger. Fregattenkapitan Georg von Hase: Die Kriegsmarine erobert Norwegen Fjorde. Sidene 231 -234. Folk frå Mauranger. flyfotoillustrasjon: Eva Sundal

Del 1: Måringekarar i krig

Mauranger fekk tidleg nærkontakt med den tyske krigsmakta då ”Køln” og to andre krigsskip kom inn fjorden her den 10 april 1940. Det vart det heldigvis ikkje noko meir dramatikk av, men så vart det verre. Mange ungdomar frå Ænes-Mauranger vart mobiliserte dei nærmaste dagane, og måtte dra iveg for å møta verdas sterkaste krigsmakt, med dårleg utstyr og lita øving. Frå Gjerde i Austrepollen var fem brør iveg ymse stader, det var sjeldan med så mange frå same heim. Det var nok ei vond oppleving for mange.

Heldigvis kom alle herfrå att, men ein av dei vart skada for resten av livet av ei tysk kule, det var Andreas Årsand frå Årsand. Etter ein månad eller to var alle heime att, og Mauranger gjekk vel lett gjennom resten av dei fem åra. Men for seks unge menn herfrå var det verre, og det var dei som var i utanriksfart. For dei tok krigen til då Tyskland gjekk inn i Polen i sept. 1939, og for nokon varte det heilt til Japan gav seg i aug. 1945, altså seks år samanhengande i meir eller mindre livsfare. Tyskland starta den totale ubåtkrig frå dag ein, også mot nøytrale skip, og fram til april 1940 vart 58 skip senka,og ca.400 sjøfolk omkom.

Me vil her på Maurangersida prøva å få med noko av det som desse var med på, det er nok litt vanskeleg no då alle er borte. Det var fåmelte karar, ikkje fortalde dei så mykje, og ikkje forsto folk her noko av det dei fortalte.

Eit par sjølvopplevde døme 

Ein bygdamann herfrå sa til meg om ein av dei, at han hadde då ikkje vore ute for noko vanskeleg, han hadde ikkje ein gong vore torpedert! Når nabobåten i konvoien lasta med titusen tonn bensin gjekk i lufta ei vinternatt i Nord-Atlanteren, kanskje med vener og slektningar om bord, så var ikkje det noko å snakka om! Du vart då berga sjølv! For ein uforstand!. Ca.tretusen norske sjømenn kom bort på denne måten, men alle dei seks herfrå kom heimatt. I mi tid på sjøen, var eg og saman med mange som hadde vore ute i dei åra.

Lite sa dei, og ikkje hadde me yngre vit til å spørja. Ein kaptein Vindheim var eg saman med eit års tid. Mange år seinare, her heime, fann eg ei bok som enkelt og greitt heitte ”814 reddet” Det var om han og hans mannskap som i 1944, om bord i ein liten tretusentonnar frå Farsund, i Det indiske hav hadde berga 814 soldatar, flytande i sjøen frå eit torpedert engelsk troppetransportskip. Mest like mange var alt døde, og dei måtte dei berre overlata til haimat. Og dette snakka han aldri om, der var ikkje mykje sjølvskryt! Det er utan tvil den nordmann som har berga mest menneskeliv nokon gong i historia.

Krigen langt borte

Eg er klar over at for dei yngste og flinkaste nettbrukarane, så kan nok dette med ”krigen” vera mest lika langt borte som Napoleonskrigane og Tredveårskrigen, men det er ikkje lenger borte enn at alle dei seks som var ute, har nær familie, vener og kjenningar som lever og hugsar dei godt. Det kan vera verdt å ta vare på denne delen av vår nære fortid. Etterkvart skal me ta for oss desse karane, og sjå på noko av det dei var med på, det blir nok diverre ikkje mykje, men det er no det me har.

Noko frå den flotte boka av Jørgen Markhus,”Kvinnheringar i krig 1940-1945”( men det burde heitt 1939-1945) som kom ut for eit par år sidan, noko frå andre bøker, samtalar med dei sjølve (lite), og frå ymse nettsider. Dei seks var: To brør, Halvard og Selmer Kroka. To brør, Erik og Samson Mehus frå Gjetingsdalen Sjur Årsand frå Årsand, Ole Severin Onarheim frå Tysnes, men han budde etter krigen i Austrepollen, gift med Tordis syster til Sverre Øvrehus. Ei anna syster vart gift med Anders Lunde frå Ølen, han og ute under krigen. Kjelder: Jørgen Markhus: Kvinnheringar i krig. Marinemuseet i Horten. Ymse bøker. Norske, engelske og tyske krigsarkiv på nettet. Samtale med Halvard og Selmer

Del 2: Halvard Kroka

Halvard Kroka si teneste under andre verdskrigen

Halvard var fødd på Kroka i 1906, som ein av ni sysken i alt. I den tida måtte alle ut og arbeida tidleg, så Halvard reiste nok ut som 14-15 åring, og utdanna seg til kokk- stuert. Mange her i Mauranger hugsar nok enno denne fredelege karen som kom ruslande til Sundal med sekken sin for å handla..Etter at han slutta på sjøen, kjøpte han nederste bruket på Kroka. Men livet hadde nok ikkje alltid vore like fredeleg for Halvard.

Då verdskrigen tok til i sept. 1939, var han om bord m/s Herstein. Deretter d/s Bur, d/s Ravnefjell og fram til febr.1943 d/s Bestik. Etter den sivile krigstenesta gjekk han inn i marinen, og vart opplærd til maskingeverskyttar, og kom så om bord i dei norske motortorpedobåtane som opererte på norskekysten ut frå basen på Shetland. Men heile tida var han kokken om bord, og ved ”klart skip” var det full fart til kanona og forsvara seg mot tyske fly i Nordsjøen, og å gå til åtak på tysk båttrafikk i fjordane.

Nokre glimt av det han var med på

Han var ein av dei heldige som kom frå det med livet, men det var nære på mange gonger. Den første båten hans, Herstein, vart teken av japsane på New Guinea, mannskapet rømde gjennom jungelen, men vart fanga av japsane og sende med eit fangeskip mot Japan. Skipet vart torpedert av ein amerikansk u-båt og alle kom bort. Berre kapteinen klarte seg, og kom seg vidare til Australia saman med australske commandos etter veldige strabasar.. Men Halvard var då ein annan stad på havet.

I jan.1941 var han om bord i d/s Bur i konvoi frå Freetown, Liberia, til England, lasta med jordnøtter. Bur var ein liten firetusen tonnar, bygd 1917. Det var nok ein skikkeleg ”plimsollar” av ein båt, som med sine åtte mils fart i godt ver, ikkje greidde å halda plassen sin i konvoien. Det var til stort raseri for ”commodoren”. Så og denne gongen, ”Bur” tulla seg vekk og vart ein ”straggler” utan marineeskorte. Då var dei ofte eit lett bytte for tyske u-båtar. Men denne gongen var ”Bur” heldig. Konvoien dei hadde forlate vart oppdaga av den tyske kryssaren ”Admiral Hipper” (systerskip til ” Blucher”). Mange skip gjekk ned. Men då hadde ”Bur” berga seg inn til Ponta Delgada på Azorene. Vidare gjekk dei til England, der dei vart utsett for bombeåtak av tyske fly utanfor sørkysten. Ingen vart drepne, men båten sett på land skada. Båten vart berga og sett i fart att, men utafor austkysten av Amerika gjekk den ned for godt etter å ha gått på ei grunne. Men då hadde Halvard skifta båt. Flaks enno ein gong!

Så var han om bord i Ravnefjell, Ein liten ”Lakebåt”, i stadig konvoifart i Nord Atlanteren. Det var eit lykkeskip som alltid overlevde der andre gjekk ned. Ein av styrmennene om bord har skrive ei bok om ”Ravnefjell” sine opplevingar. Siste sivile skipet hans var ”Bestik” på 2700 tonn. Berre i ein konvoi over Atlanteren vart fire andre skip sendt til botnar av tyske u-båtar. Kor mange andre gonger Halvard måtte sjå båtar gå ned i eit flammehav veit me ikkje., og å vita at neste gong var det kanskje dei, måtte vera ei hard påkjenning. Ikkje rart at nervene svikta for nokre.

Del 2: Den norske marine

Frå 18. mars 1943 var Halvard i marinen, tilknytta dei norske motortorpedobåtane som opererte ut frå frå Scotland- Shetland. Det meste han var med på der veit me ikkje so mykje om, men han vart opplærd til å betjena maskinkanonene om bord, antageleg i Dumbarton, Scotland, samstundes som han og var kokken om bord. Desse båtane gjorde massevis av raid mot kysten av vestlandet. Dei hadde også nokon raid mot Hollandog i Kanalen. Frå 1944 veit me at han var ombord i MTB 715.

Kven andre han var om bord i veit me ikkje, kanskje MTB 618 som i aug. 1943 etter eit dristig angrep ved Bømlafjorden greidde det utrulege å lura seg unna tyskarane ved å gå ut gjennom Kulleseidkanalen og til ope hav vest om Bømlo. Dette var små hurtiggåande båtar, bygde av tre og med 4 stk. bensinmotorar på ca. femtusen HK samanlagt og 30 mils fart. I tillegg til fulle tankar, hadde dei og 20 liters jerrykanner med bensin på dekk for etterfylling. Så det var flytande bomber! Saman med ein annan MTB senka dei tre tyske skip nord for Sognefjorden i nov. 1944.

6 april 1945 var dei saman med MTB 719 i kamp med ein tysk ubåt i overflatestilling nord i Hjeltefjorden. Den gjekk truleg til botnar, men det er litt usikkert om den dykka og klarte seg. Det er skrive fleire bøker om deira innsats på kysten, og på eit tokt ved Stadt var filmfotografen Bredo Lind med MTB715, dei kom i kamp med tyske fartøy og hadde to drepne og to såra. Han hadde aldri vore so redd i sitt liv skreiv han i ei bok om toktet. I alt senka dei norske MTB 42 fiendeskip. Dei hadde sjølv 20 falne og 51 såra, men tapte berre ein båt i kamp.

Freden kom 8. mai 1945

Dei som var ute kunne ikkje berre stikke av og dra heim på dagen. Skipa måtte gå vidare, mange var langt til havs, og nytt mannskap sto heller ikkje klar på kaia om dei låg i hamn. Utover i1945-46 kom nok dei fleste av dei som ville det, attende til heimlandet, men mange ville ikkje heim heller, dei var så forbanna på norske styresmakter at dei ville heller vera i England eller Amerika. Der vart det sett pris på innsatsen dei hadde gjort, i motsetnad til her heime. Halvard var likevel ein av dei som snart kom att. Men då var det såvidt han overlevde!

I mai 1945 kom dei ti MTBåtane inn til ymse hamnar på Vestlandet og vart mottekne som dei heltane dei var, og den 19 mai låg dei i Fosnavåg nær Ålesund. Det hadde nok vore ein sabla 17 mai fest, kanskje varte den til den 19de, det veit me ikkje, men heile mannskapet var i land, minus Halvard og kanskje ein til. Han vakna i alle fall symjande i sjøen, så vidt han berga seg inn til land. Då hadde båten gått i lufta, og sokk under beina på han, kva som verkeleg hende er ikkje sikkert, men dette var som kjent båtar med bensinmotorar og såleis ei flytande bombe. Atter ein gong hadde Halvard flaks!

Etter krigen

Halvard kom heim med rutebåten til Sundal, mottakinga på kaia skal me nok helst gløyma. Såvidt eg veit reiste han ikkje utanriks meir, men var m.a. på Islandsfiske og kokk på lokalrutebåtar. I 1957 kjøpte han småbruket ved sjøen på heimplassen Kroka, men i 1964 selde han det og flytta opp til broren Odd Johan på øverste garden.

Då dei flytta til Herøysundet vart han mykje åleina, og det var nok tungvindt fram til vegen kom forbi i 1970, og helsa svikta litt og. Eg snakka ein del med Halvard, men altfor lite ser eg no. Hendinga i Fosnavåg fortalde han om, han smålo litt av den i etterkant. Denne har eg og funne om i ei bok. I bryllaupet vårt i 1967 var han kokk! Ja Halvard sto løpet ut, og gjorde ein innsats for fedrelandet som det står respekt av! Han døydde i 1989. Eg prøvde eingong å overtala Halvard til å fortelja litt til lokalavisa om noko av det han hadde opplevd. Svaret var ganske kontant. ”Du må ikkje tenkja på det, dei trur berre at eg lyg”.

Ordforklaringar

”Commodore” Sjefen for konvoien, som regel eine eldre erfaren engelsk marineoffiser. Det var ein ansvarsfull og slitsom jobb, halda på plass gjerne 50-60 fartøy, mørklagde og med forbod mot radiokontakt. Nokon fekk maskinskade, andre navigerte seg bort, og nokon tok storm og orkan og feia ut på viddene. ”Straggler.” Desse båtane vart då ein ”straggler” som måtte klara seg på eiga hand utan marineeskorte, og var eit lett bytte for fly og ubåtar dersom dei vart oppdaga. ”Lakebåt” Båt som var spesialbygd for å gå opp slusene mellom Montreal og dei store innsjøane i USA og Canada, lakene. ”Plimsollar” Skrøpeleg båt, det flaut mange slike på havet den tid, gjerne opp mot 40-50 år gamle, og med elendig maskineri som ofte braut saman.

Del 3: Selmer Kroka

Selmer Kroka si krigsteneste under andre verdskrigen

Selmer var bror til Halvard som står skrive om lenger nede på sida, og soleis den andre av gutane frå Kroka som var ute under heile krigen 1939- 1945. Han var fødd i 1917, og reiste nok og ut som 14-15 åring, som var vanleg den tid. Eg har ikkje funne ut så mykje om han som Halvard (nedanfor del 2), han busette seg i Oslo etter krigen, og var nok ikkje så mykje heimatt her.

Sjømann på mange skuter

I oktober 1939 mønstra han iallefall på d/s Spurt som matros. Krigen i Nordsjøen hadde då allereie pågått i ein månad, og mange norske skip var senka av tyskerane, enno Noreg var nøytralt fram til 9 april 1940. Seinare var han som sivil sjømann på desse: m/s Rita’, m/s Balkis, m/t Albert L. Ellsworth og d/s Aragon til midten av 1943.

Kanonskyttar og militær disiplin

Då syntest Selmer at det var for lite å møta tyskerane med passiv motstand, og søkte seg inn på den norske skyttarskulen i Dumbarton i Skottland for opplæring som kanonskyttar i handelsflåten. Dei allierte var då byrja å montera kanoner ombord i båtane, og måtte ha folk som kunne bruka dei mot fienden. Skyttarane var underlagt Den norske marine i England, med militær disiplin. Som skyttar var han ombord i m/s Braga , m/s Nueva Granada , m/t Leiv Eriksson, og siste båten var m/s ‘Duala’, der han sto ombord til mars 1946.

m/s Duala

Tyskarane gav seg som kjent i mai 1945, men japsen ville ikkje gi seg før dei fekk atombombene i hove i august 1945. Då låg ‘Duala’ på øya Tinian i Stillehavet, det var frå den øya B- 29 bombeflyet ‘Enola Gay’ med Roy Tibbets ved spakane tok av og sleppte Hiroshima bomba. Telegrafisten på ‘Duala’ skreiv noko om det, dei visste ingen ting om kva som hende før det var over.’Duala’ hadde gått mellom San Fransisco og øyane i Stillehavet og frakta krigsmateriell for amerikanarene, og der var det forferdelege ville kampar, so gleda var nok stor då det var slutt.

Mønstra endeleg av i rett tid

Men sjøfolka kunne ikkje berre stikka heim same dagen, båtane skulle gå vidare, så Selmer kom ikkje heim før i mars 1946. Då hadde han vore samanhengande i krig og livsfare i seks og eit halvt år. Det var sikkert heller ikkje kjekt for dei som sat heime på Kroka og ikkje høyrde noko frå dei to brørne. Sovidt eg har funne ut var Selmer ein av dei heldige som ikkje vart senka på havet, men fleire av dei båtane han hadde vore ombord i gjekk til botnar seinare, m. anna vart ‘Balkis’ torpedert utanfor Brasil berre dagar etter Selmer var mønstra av, så han misste nok mange gode kameratar. Men det var nære på mange gonger, m.a berga ‘Spurt’ heile mannskapet på ein engelsk båt som vart minesprengt på kysten av England.

Velfortjente medaljar

Etter krigen gjekk han styrmannsskule og segla nokre år for Fred Olsen til han gjekk i land og var arbeidsformann for rederiet i Oslo. Han hadde hytte ved Lillehammer som han kalla Kroka, så han minnest nok barndomsheimen i Mauranger. Ikkje så mange her huskar han lenger, men ein av dei er pensjonert los Bjarne Sundal som bur i Oslo. Han var nokre gonger på hytta hans, og minnest han som ein stille og hyggjeleg kar som ikkje fortalde så mykje om det han hadde vore ute for. Det var visst felles for desse karane som hadde opplevd meir enn dei fleste. Selmer Kroka fekk Krigsmedaljen, Haakon VII s frihetsmedalje og Deltakarmedaljen .

Del 4: Sjur Aarsand

Heldig sjømann på gammalt skip

Sjur var oppvaksen i Apalvik på Årsand, som ein av elleve sysken, og reiste nok tidleg ut på sjøen. I 1938 mønstra han i allefall på dampskipet ‘Sygna’ som tilhøyrde J.L. Mowickels reiarlag i Bergen, som førstestyrmann. Han hadde kring 1930 gått styrmann og skipperskulen. Ombord i denne båten sto han samanhengande i omlag åtte år, like til han gjekk I land i jan. 1946. Sygna var eit gammalt skip på ca. 7400 tonn, bygd i England i 1907, med kolfyrt dampmaskin. Det hadde gått i mange slag fart overalt omkring på jorda, og under første verdskrigen 1914-1918 var det oppe i mange dramatiske situasjonar, men det var tydeleg eit lykkeskip som kom heilskinna frå det.

I fart på det fjerne Austen

Sjur gjekk som sagt ombord i 1938, Sygna gjekk då  i fart med å frakta kol frå Chin-Wang-Tao i Nord China til Shanghai.  Dei hadde kinesisk mannskap, noko som i seg sjølv kunne vera litt av ein prøvelse for norske offiserar. Offiserane hadde som regel skytevåpen ombord i tilfelle mytteri, nokon, nokon norske skip var ute for det. Om det veit me ikkje så mykje, det var ein krigsituasjon mellom Japan og China, men det kom dei tydelegvis frå med livet, sjøl om det sikkert var dramatikk nok.

Elles var det stort sett fredeleg i Austen, til Japan kom med i krigen i 1941, og feia ned gjennom Austen og Stillehavet i stor fart, mest til Australia. Sjur var som sagt gått ombord i 1938, den gongen var det minimum to år ute for gratis heimreis, det var før flya si tid, og med skip tok det omlag ein månad til Europa. Han kom seg såleis ikkje heim før krigen kom til Noreg i 1940, og valgte å stå ombord vidare. Det var tydelegvis eit heldig val, då Sygna aldri vart senka.

Ny krigsfart

Då japsane hadde teke Fillipinane, Hong Kong og Singapore m.m. måtte skipa inn i andre fartsområder lenger vest. Det vart konvoifart mellom India, Ceylon, Persiabukta, Port Sudan, Aden m.m. Har funne ‘Sygna’ i fjorten konvoiar, med opp til 35 skip i kvar. Det var lite norske skip i den farten, faktisk var Sygna åleine norsk i dei fleste, av og til eitt anna norsk. 

I det Indiske hav var det mest dei japanske U- båtane som var fårlege, men tyskerane hadde og nokre få så langt borte, så dei var livsfare heile tida. I motsetnad til tyskerane, så brukte japsane som regel maskingevær mot folk i livbåtane etter skuta var gått til botnar. Det som kunne vera betre i Det Indiske hav, var at temperaturen var slik at folk i livbåtar ikkje fraus så fort i hel som i Nord-Atlanteren om vinteren, men mange livbåtmannskap omkom av sterk sol og mangel på mat og vatn.

I hamn 

Frå sept.1942 til febr. 1943 låg Sygna i Calcutta, India , i mest 5 mnd. Det var og ei påkjenning, Calcutta var eit forferdeleg ‘høl’ den tid. Me veit ikkje kvifor, kanskje var den skadd i konvoi, kanskje var maskineriet nedslite og trong reparasjon, det var då eit gammal skip som nok hadde fått lite vedlikehald i krig, og reservedeler var sikkert eit problem.

Men å liggja i hamn i krigstid var og ganske risikabelt, båtar kom og gjekk fullasta med bomber, granatar og anna sprengstoff. Av og til gjekk det gale, som ei hending i Bombay den 14 april 1944 viser. Den får me ta med som døme på kor farleg det kunne vera under land og. 

Den amerikanske 7500 tonnaren ‘ Fort Stikine’ låg i hamna, lasta med m.a.700 tonn bomullsballar, fleire hundre fat olje, 1500 tonn ammunisjon av ymse slag , og av alle ting ca. tusen gullbarrar på 12,5 kilo kvar. Oljefata hadde lekke slik at det vart sjøltennig i bomulla, og tilslutt gjekk heile skipet i lufta i ein enorm eksplosjon.  Ankeret på mange tonn fauk tre kilometer opp i byen. Fjorten andre skip tok fyr, fire vart løfta opp og gjekk så rett til botnars i hamna. Der låg fleire norske, ombord i eitt av dei vart mange folk drepne, eit gjekk til botnar. Gull regna over eit stort område, fattige folk fekk gull gjennom hyttetaket, enno fins det visst gull på botnen i hamna. Ingen har sikkert tal på kor mange som døydde, men det er rekna med fleire tusen. Det vart nok ikkje talt så nøye opp i den enorme slummen i Bombay.

Etter krigen

Sjur sto ombord i Sygna til han mønstra av i Southampton jan. 1946, og hadde såleis hellet med seg i åtte år i same båt, det er vel  litt av ein rekord. Han gifta seg og vart busett i Bergen, men var årviss på ferie hos familie på Årsand, dei sa at han kom med trekkfuglane om våren, etter at han vart pensjonist. Han har fleire nære slektningar her og i Bergen

Eg trefte han nokre gonger, men diverre vart det snakka alt for lite om krigen og tida ute.

Han heldt fram med å segla for Movinckel, dei siste åra som flaggskipper i rederiet. Det er det ein kallar’ først blant likemenn’, og dei fekk alltid kommandoen på dei nyaste og beste båtane. Eg har snakka med eit par karar som segla med han, og dei sa at han var svært godt likt som kaptein. Han førte m.a. Sygna 2,Goya, Ogna County, Hørda og Folga, flotte skip alle saman. Gamle lykkeskipet ‘Sygna’ vart seld til England og heldt fram  å segla til det vart hogge opp i 1954, mest femti år gammalt. Etter at Sjur pensjonera seg vart han invitert over til England for å vera med på overleveringa av  Sygna (3) eingong i nitten seksti åra. Sjur fekk krigsmedaljen og  HaakonVII  Frihetsmedalje. Han døydde i 1993.

Dette er litt av det han var med på, Sjur kunne nok ha skrive både ei og fleire bøker om den tida, men til liks med dei andre som var ute , hadde han ikkje for vane å snakka så mykje om det, diverre for oss som hadde likt å vita meir. Johs.Bondhus, mars 2010

Del 5: Erik Mehus

Erik var fødd i 1909 på Mehus i Gjetingsdalen, som ein av tolv sysken. Han hadde og to brør som vart sjømenn, men berre ein av dei, Samson, var ute under krigen. Kva tid han reiste ut veit me ikkje, men som vanleg i den tida var det nok som 14-15 åring. I 1939 var han i allefall ombord i M/T ‘Alexsandra Høegh’ som andre styrmann frå 21.oktober. Seinare i krigen vart det M/T ‘Høegh Giant’, M/T ‘Albert L.Ellsworth’ og M/T ‘President De Vogue’ fram til 24. oktober 1946.

‘Alexandra Høegh’ 

Vart seinka under krigen, men då var Erik mønstra av. Så heldig var han ikkje i neste båt. Den 3. juni 1942 var ‘Høegh Giant ‘ i ballastreise frå Freetown i Afrika til Trinidad i Karibien. Tidleg på morgon vart dei treft av ein torpedo frå kapteinløytnant Bauer i U 126. Dei klara å gå vidare for eigen maskin, men seint på kvelden hadde ubåten teke dei att og fyrte av to torpedoar til og då var det full stopp.

Som eit under er ingen av mannskapet på 39 stk. drepne, og kjem seg i to livbåtar, men den einaste med motor var knust og ubrukeleg. Tankaren sokk ikkje med ein gong, men ubåten gjekk opp og senka båten med femti rundar frå kanona. Livbåtane var bra utstyrd med vatn og proviant, veret er varmt i Karibien, vinden var gunstig, og etter ti døgers seilas ser dei land. Og for eit land, dei er komne inn til den berykta Djevleøya i Fransk Guiana, verdas verste straffekoloni på den tid, der dei verste av dei verste frå Frankrike vart sende. Djevleøya var administrert frå den delen av Frankrike som var meir eller mindre på lag med Tyskland.

Fangane var glad for å sjå andre folk enn forbrytarar og sadistiske fangevaktara på øya , men folket i livbåtane fekk valet av kommandanten der mellom å verta internert til krigen var slutt, eller forsvinna frå øya. Dette var ikkje folk som ville gi seg, så etter å ha fått proviant og blitt fråtekne eit maskingever og to pistolar, la dei ut på havet att. Dei legg kursen mot Paramaribo i Hollandsk Guiana, og etter nokre dagar vart dei berga av to skip, og etter ei tid kan dei gå iland i Port of Spain på Trinidad i god behald.

Ny torpedering

Alt tar tid i krig, så først¸etter halvannan månad i Port of Spain får dei reisa vidare med den amerikanske passasjerbåten ‘Robert E. Lee’ mot Tampa i Florida. Der er 268 passajerar ombord, Erik og kameratane pluss mange andre torpederte sjøfolk.Rett utanfor Missisippi- elva vert skipet torpedert, og sokk på femten minuttar. 35 omkomne, men alle dei norske vart berga. Ein amerikansk anti-ubåtjagar klarar straks etter å senda ubåten til botnar med heile sitt mannskap.

Flaks for tredje gong

Neste båten til Erik er ‘Albert L. Ellsworth’. I konvoi over Atlanteren mot Gibraltar, vart fleire båtar senka,og 8 jan. 1943 var det Erik sin tur att. Ein torpedo traff og tankaren gjekk i lufta i eit kollosalt flammehav. Som enno ein gong eit under kom alle i livbåtane, men ein var kasta på havet så dei leita ei stund etter han. Ein engelsk båt var og gått ned, der var mange som var komne i sjøen og dei rodde omkring og plukka opp folk til båten var fullasta til ripa. Olja tok fyr i eit kjempebål, mange brann nok opp. Så såg dei ein mann på ein flåte inne i flammane. Folka i livbåten ville nekta å ro inn, men Erik gav ordre om at mannen skulle bergast og slik vart det.’Erik var ein tvers igjennom solid sjømann med autoritet og tyngde, så når han gav ein ordre, var det berre å lystra’. Dette fortalde Olav Røssland til ‘Kvinnheringen’ for nokre år sidan; han var med same båten.

Av ni tankskip var berre to att, resten var på havets botn. Ingen av mannskapa hadde meir enn det dei gjekk og sto i då dei kara seg iland i Gibraltar. Derfrå gjekk dei med eit troppetransportskip til Grenock i Skottland. Erik kom så ombord i ‘President De Vogue’ der han var til han kom heim i oktober 1946. Den båten var innom Stavanger etter krigen var slutt, men om Erik fekk ein snartur heimom  det veit eg ikkje. Han rakk ikkje treffa foreldra etter krigen, mora døde i 1940 og faren i 1945. (retting av red. ref. S.Øyjord)

Det gjekk betre med ubåtsjef Bauer som senka Erik første gongen. Han overlevde krigen, og steig i gradene i den tyske etterkrigsmarinen til han gjekk av for aldersgrensa som  admiral. Då var me alle med i NATO, og gamle fiendar var blitt vener. Erik heldt fram på sjøen, men 7 november 1947 døydde han av sjukdom i Calcutta, India, berre 38 år gamal, og er gravlagd der. Johs. Bondhus, mars 2012