Framsida

Motbakkeløp frå Fjord til Fonn

Klikk på bilete for full storleik
To nøgde vinnarar med kvar si Folgefonna Opp hue. Veslemøy Haugland vann juniorklassen medan Ingebrigt Ølmheim vart førstemann til Fonnabu 2014.
 
 
 
 

Motbakkeløpet Folgefonna Opp

Ænes og Mauranger Bygdelag inviterer til det spektakulære motbakkeløpet i Sundal 26.august 2016. Folgefonna Opp blir arrangert for femte gong i år.  

 
Klikk på bilete for full storleik
Høgdeprofil

Trase`

Løparane startar ved parkeringsplassen i Sundal og vil følgje ein trase med mykje lokal historie. Første del spring løparane på Isvegen innover Bondhusdalen. Deretter svingar løypa innpå Keisarstien med sine hårnålssvingar opp Hillarslia.  Ved 700 moh passerer løparane Gardshammarsætra og spring så vidare på turstien forbi Botnavatnet og like opp til DNT si turisthytte Fonnabu på 1450 moh.

 
Klikk på bilete for full storleik
Topografisk oversikt

Bygdalaget invitererersamstundes til  Maurangerdag ved Sandarvollen, i traseèn til Folgefonna Opp, for å stimulere til ein endå større folkefest. Det blir samlingsplass på Sandarvollen med mykje aktivitetar for heile familen sal av tradisjonsmat.

 
 

Påmelding

Folgefonna Opp går av stabelen lørdag 26. august, sett ring i kalenderen !

Påmeldingsfristen er 19. august, men ver ute i god tid så kan ingen ta startnummeret i frå deg.

 

Meld deg på  her eller på folgefonnaopp.no 

 
Konkurrranseklasse:                Start kl. 1100
 
D/H 15-23 år

D/H 24-34 år 

D/H 35-44 år

D/H 45-54 år

D/H 55-59 år

D/H 60-64 år

D/H 65-69 år

D/H 70 +  år

 
Mosjonsklasse utan tidtaking:                 Start 0800-1000

Ingen klasseinndeling, må vera 11 år innan kalenderåret.

Løparane må tilstreba å vera på Fonnabu før 1330.

 

Juniorklasse til Gardshammar:              Start kl 1100  D/H 11-14 år

 
Pris:

Konkurranseklasse  kr 350, kr 450 etter påmeldingsfristen.

Mosjonsklasse kr 200, ingen etterpåmeldingsgebyr.

Juniorklasse kr 100, ingen etterpåmeldingsgebyr.

 

NB!  Med i prisen er middag og kaffi ved retur Sandarvollen. 

        Det gjeld også mosjonistar og juniorar.

 

Løypelengde

Smalastølen  -  Fonnabu ca 11 km. 1400 høgdemeter.

Smalastølen - Gardshammar ca 5 km. 700 høgdemeter.

Alle løparane må gå tilbake same vegen dei kom.

 
 

Mat og drikke:

Det vil bli 4 drikkestasjonar langs trasseèn. Ved målgang Fonnabu serverer Kvinnherad Turlag varm fruktsuppe. Når løparane kjem ned att til samlingsplassen på Sandarvollen ventar middag og kaffi.

 

Sekk:

Samtlege deltakarar må signere ansvarfråseiing samt vege sekk (minimum 2,5 kg) før start.

Veg denne mindre enn 2 kg ved målgang, blir deltakaren diskvalifisert.

Startnummer blir delt ut rett før start. Samtlege deltakarar blir kontakta via epost i god tid før løpet.

 

                    

NB: All deltaking skjer på eige ansvar! I høgfjellet endrar været seg fort, og ha difor med deg nok klede og anna utstyr. I utgangspunktet må alle deltakarane klare seg sjølve, men assistanse vil bli ytt etter beste evne skulle det være trong for det.

 
 

Premiering:

Dei tre første til Fonnabu D/H uavhengig av klasse.

1.premie: kr 1500
2.premie kr 10003.premie kr 750
Lokalproduserte Premiar
 
Vinnaren stikk også av med eit Tursnaps-kar, den såkalla Tomlingen.Tomlingen er laga av salmaker Sajia Næs.I tillegg får dei tre første kvar si unike Folgefonna Opp hue. Hua er laga av strikkedamene i ; Ein blå Tråd.
 
Blir det også sett løyperekord vankar det ein bonuspremie i form av Bård Øyre sin handlaga kniv.

Klassevinnarane får også kvar si Folgefonna Opp strikkehue.
 
Juniorane kan også vente seg fine premiar og Folgefonna Opp hua.I mosjonsklassen vil me trekke ut tre vinnarar av kvar si Folgefonna Opp hue.

Alle deltakarane får også utdelt diplom som bevis på framifrå innsats.
 
 

Sanitet:

Kinsarvik Røde kors

 

Hytte Fonnabu:

Kvinnherad Turlag og Bergen Turlag

 

Overnatting

Ænes og Mauranger byr på overnatting i hytter  på campingplassar og ved Mauranger Kro og Vertshus.

Sjå meir informasjon her. Vil du bu på hotell reiser til Odda eller Rosendal ein kort biltur unna.

 

Vaskemåte:

Dusjfasilitetar ved Mauranger Skule.

 
 

Kontakt:

 

Ænes og Mauranger Bygdalag

Ottar Eide

Mobil: 900 67 577

E-post bygdalaget@mauranger.no

 

 

Sjå biletgalleri frå Folgefonna Opp 2012

 
 

Les meir om påmelding, løypetrassear og klassar på folgefonnaopp.no

 

Bli med på Folkefest i Mauranger !

  

 
 
 
 
 
 
 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Sattelittbilete over løypa
 
 
  Tilbake

 

Eldre nyhende
18.08.2017
Førehandsrøysting
Stortingsval og Sametingsval 2017 
Les meir
12.08.2017
Folgefonna Opp og Maurangerdag
Velkomen til ein festdag i ly av Folgefonna
Les meir
22.07.2017
Bygdalaget inviterer til folkemøte om bustadtomter og veg
 - Vil me ha utviking eller forvitring ?
Les meir
12.06.2017
Forseinka merking av årets bokturar


Les meir

Sponsor Lenkjer
Statkraft
Sjøtroll havbruk as
Lio Sag & Treforedling
Norsafe
Gjetingsdalen Kraft AS
Folgefonni Breførarlag
Lokalavisa Grenda
Gjerde Kraft
Mauranger Stein
Dalelvo Kraft As
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS - Design: Ibox AS