Framsida
 
Kontakt oss
Ænes og Mauranger Bygdalag
5476 Mauranger
Redaksjon:
Ottar Eide 90067577
Eva Sundal 91703511
Ingfrid Øyre90827540
Tore Bondhus47620215
Mail: post@mauranger.no
facebook.com/mauranger.no

Lenkjer

Program - folkemøte om bustadtomter og veg

Laurdag 2. september frå kl. 14.00
 
Klikk på bilete for full storleik

 
 

Folkemøte i Mauranger

 

Om bustadtomter og samferdsleløysingar, les tidlegare nyhende her

 

Aktivitetsdag

I forkant av folkemøtet vil det bli Bygdatreff for heile familien utanfor Samfunnshuset.

Det blir grilling, (ta med grillmat) vaffler og kaffi og ymse aktivitetar frå kl. 1400. 

 

Ænes og Mauranger bygdalag (ÆMB) inviterer med dette politisk og administrativ leiing i Kvinnherad kommune til folkemøte i Mauranger samfunnshus 02.09.2017 kl. 16.00.

 

Dagsorden:

Møteleiar: Trygve Fredheim

 

Tomter i strandsona, skredsona, på dyrka mark eller i flotte landskap?

- kva gjer Kvinnherad kommune for å legge til rette for nye bustadtomter i Mauranger?

 ÆMB , ved Kristian Bondhus-Jensen, presenterer problemstillingar med ny kommuneplan og utfordringa med manglande tomter i bygdene.

 Kvinnherad kommune svarar på kvifor kommuneplanen sin arealdel ikkje legg til rette for nye bustadtomter i Mauranger.

 Kvinnherad kommune forklarar korleis ein vidare kan få klarert nye tomter.

 Spørsmål frå salen til politikarar, administrasjon og bygdalag.

Livsnervene

- Kvar vart det av vegsatsinga mellom Folgefonntunnelen og Årsnes i Kvinnheradspakken?

 ÆMB, ved Fredheim og Anton Langeland, skildrar vegsituasjonen i Mauranger.

 Kvinnherad kommune presenterer arbeidet med Kvinnheradspakken, inkl. prioritering av Krokaparsellen.

 Kvinnherad kommune informerer om moglege framtidige bompengeinnkrevingar i Mauranger.

 Spørsmål frå salen til politikarar, administrasjon og bygdalag.

- Kva gjer kommunen for å få etablert ein ny tunnel som vil gje innbyggarane tryggare skuleveg og kortare køyretid innan kommunen?

 ÆMB, ved Langeland, skildrar vegen mellom Austrepollen og Nordrepollen.

 Jondalstunnelen AS, ved Toralv Mikkelsen, presenterer den nye tunnelen dei ynskjer å realisere.

 Kvinnherad kommune klargjer si rolle og innstilling til saka.

 Dialog mellom tunnelselskap og kommune frå scenen. Spørsmål frå salen til politikarar, administrasjon og bygdalag.

 

publ. 30.08.17 es

 
 
 
  Tilbake

 

Eldre nyhende
30.08.2017
Program - folkemøte om bustadtomter og veg
Laurdag 2. september frå kl. 14.00
Les meir
28.08.2017
Festdag i Bondhusdalen
Glitrande sol og glitrande humør
Les meir
18.08.2017
Førehandsrøysting
Stortingsval og Sametingsval 2017 
Les meir
12.08.2017
Folgefonna Opp og Maurangerdag
Velkomen til ein festdag i ly av Folgefonna
Les meir

Sponsor Lenkjer
Statkraft
Sjøtroll havbruk as
Lio Sag & Treforedling
Norsafe
Gjetingsdalen Kraft AS
Folgefonni Breførarlag
Lokalavisa Grenda
Gjerde Kraft
Mauranger Stein
Dalelvo Kraft As
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS - Design: Ibox AS