Framsida
 
Kontakt oss
Ænes og Mauranger Bygdalag
5476 Mauranger
Redaksjon:
Ottar Eide 90067577
Eva Sundal 91703511
Ingfrid Øyre90827540
Tore Bondhus47620215
Mail: post@mauranger.no
facebook.com/mauranger.no

Lenkjer

Festdag i Bondhusdalen

Glitrande sol og glitrande humør
 
Klikk på bilete for full storleik
Zipline er kjempekjekt !

 

 
Folkefest i Mauranger
26.august var det på ny duka for Folgefonna Opp med Maurangerdag inne på Sandarvollen.
Arrangørane turde ikkje heilt å tru på dei gode vermeldingane i forkant. Men då dagen var der var det berre å klypa seg i armen. Eit sjeldan fint seinsommarver laga ein blendande ramme rundt arrangementet. Til og med på Fonnabu var det sol frå skyfri himmel og dørgande stille. Konkurranseløparar og mosjonistar, samt funksjonærar fekk seg ein magisk oppleving i den mektige fjellheimen og dei framøtte på folkefesten lenger nede i dalen, fekk seg ein lenge etterlengta soldag med god mat og mykje lått og løye.
 
I barkebåtløpet måtte ein ha tolmod før det kunne kårast ein vinnar. Båtane var liggande å vente på vind i seglet, då elva ikkje var altfor stri. Arrangørane klarte til slutt å få båtane på glid. Like kjekt som sjølve løpet var det å pynte båtane i forkant. Inger Beate Tveit haldt ut i heile 4 min og 3 sek med Mjølkespann og vart dermed kåra til Maurangermeister. Ziplina over elva var ekstra spanande i år då ein nådde ned i med beina og kunne bli våt. Det var også kjekt med ansiktsmåling og å varme seg eit pinnebrød på bålet. Tradisjonen tru var det mykje god mat og i år kunne me også sette tenna i Hjønnevåg sin saftige fiskeburger. Kvinnherad  Folkemusikklag skapa ei heilt rett musikalsk ramme rundt utandørsfesten.


Norges hardaste motbakkeløp
Mange habile motbakkeløparar var med i år og lot seg begeistra over traseèn. - Det må vere det finaste men samtidig det hardaste motbakkeløpet i landet, meinte Geir Storetvedt Skaten som var tredje mann opp til Fonnabu i år.  I år var det 64 deltakarar totalt og 31 som sprang på tid. Men skal me tru gjengen som var med i år er det eit stor potensial for auke i deltakartalet.  Resultater frå Folgefonna Opp kan du lesa på www.folgefonna-opp.no.
 
 

Komiteen vil takka Statkraft, Sjøtroll og Palfinger Marine for pengestøtte, Hjønnevåg for nydeleg fiskeburger og Isklar for brevatn på flaske. Me vil også takka Kvinnherad Turlag for godt samarbeid på Fonnabu. Men ikkje minst vil me takka alle dugnadshender som trødde til og gjorde at arrangementet vart den beste gjennomføringa så langt. Det er med lett hjarte me tar fatt på jobben inn mot neste års arrangement. Tusen takk !

 
 

Publ. 29.08.17

Tekst Ottar Eide

Foto: Signe B.Jensen

         Randi S.Eide

 
Oppstilling
Klar, ferdig..
Pang !
Båtdekorering
Barkebåtløpet
Slange i fjeset
Moderne mjølkespannhalding
Alma har funne ein bedre teknikk
Toradarmusikk
Folkefest
 
 
 
  Tilbake

 

Eldre nyhende
30.10.2017
Barneklubb i Mauranger Oppvekstsenter
Møt opp 7. november kl 1730
Les meir
30.08.2017
Program - folkemøte om bustadtomter og veg
Laurdag 2. september frå kl. 14.00
Les meir
28.08.2017
Festdag i Bondhusdalen
Glitrande sol og glitrande humør
Les meir
18.08.2017
Førehandsrøysting
Stortingsval og Sametingsval 2017 
Les meir

Sponsor Lenkjer
Statkraft
Sjøtroll havbruk as
Lio Sag & Treforedling
Norsafe
Gjetingsdalen Kraft AS
Folgefonni Breførarlag
Lokalavisa Grenda
Gjerde Kraft
Mauranger Stein
Dalelvo Kraft As
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS - Design: Ibox AS