Framsida
 
Kontakt oss
Ænes og Mauranger Bygdalag
5476 Mauranger
Redaksjon:
Ottar Eide 90067577
Eva Sundal 91703511
Ingfrid Øyre90827540
Tore Bondhus47620215
Mail: post@mauranger.no
facebook.com/mauranger.no

Lenkjer

Bygdalaget inviterer til folkemøte om bustadtomter og veg

 - Vil me ha utviking eller forvitring ?
 
Klikk på bilete for full storleik
 
Folkemøte
 
Styret i Ænes og Mauranger Bygdalag inviterer til folkemøte laurdag 2.september for å diskutere framtida til bygda. Sentrale punkt på agendaen er bustadtomter og veg. Orføraren, kommunestyrerepresentantar og administrativ leiing i kommunen er også invitert til møtet. 
 
 
Mauranger er blitt ein meir sentral del av Kvinnherad dei siste 20 åra. Kort veg til regionsentera Odda og Jondal fører til auka press for bustadetableringar. Diverre har ikkje Mauranger høve til å ta i mot tilflyttarar grunna tomtemangel.
 

Forslag til tomter
Skulen er livsnerva i Maurangerbygdene og tilflyttarar er naudsynt for å oppretthalde elevgrunnlaget. Tomtegruppa som vart nedsett av styret i Bygdalaget har arbeidd for å finne aktuelt tomteland. Tomtegruppa vil leggja fram konkrete forslag til kommunen for alle bygdene våre. 
 
 

Aktivitetsdag

I forkant av folkemøtet vil det bli Bygdatreff for heile familien utanfor Samfunnshuset.

Det blir grilling, vaffler og kaffi og ymse aktivitetar. 

 

Ta med heile familien og kom på folkemøte. Bli med å forme framtida i Maurangersamfunnet!

 

Helsing

'Tomtegruppa'

Ænes og Mauranger Bygdalag

 
 
 

Publ. 22.07.17

oe

 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 

Eldre nyhende
05.12.2017
Juletrefest
Alt klart for årets juletrefest
Les meir
03.12.2017
Luftgeværskyting i Samfunnshuset
Oppstart på nyåret
Les meir
23.11.2017
Julegrantenning i Sundal
Søndag 3.desember kl. 1700
Les meir
30.10.2017
Barneklubb i Mauranger Oppvekstsenter
Møt opp 7. november kl 1730
Les meir

Sponsor Lenkjer
Statkraft
Sjøtroll havbruk as
Lio Sag & Treforedling
Norsafe
Gjetingsdalen Kraft AS
Folgefonni Breførarlag
Lokalavisa Grenda
Gjerde Kraft
Mauranger Stein
Dalelvo Kraft As
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS - Design: Ibox AS