Framsida
 
Kontakt oss
Ænes og Mauranger Bygdalag
5476 Mauranger
Redaksjon:
Ottar Eide 90067577
Eva Sundal 91703511
Ingfrid Øyre90827540
Tore Bondhus47620215
Mail: post@mauranger.no
facebook.com/mauranger.no

Lenkjer

Maurtua Gitarverkstad

Kulturskulen i Mauranger
 
Klikk på bilete for full storleik
 


Maurtua Gitarvekstad
 
I November i fjor kom nokre elevar til lærar Oddbjørn Enes Aasen og spurte om ikkje han kunne læra dei å spela gitar. Oddbjørn, som er svært musikkineressert, tente på ideen og og har sidan nyttår hatt gitarunderrvisning etter skuletid kvar onsdag, i Maurtua Gitarverkstad. 
Mauranger har dermed fått sin eigen liten kulturskule heilt opp i nevane. Og det mest utrulege av alt, tilbodet er heilt gratis då Oddbjørn driv verkstaden med dugnadshand.
 
Klikk på bilete for full storleik
Eg tenkte berre å stikke innom på ei øving for å sjå litt på, men vert heilt riven med og blir verande til det er slutt. Oddbjørn leder an i allsangen og gitarsamspelet på kule låtar som Achy Breaky Heart og Knockin on Heavens Door. Det som sit aller best er å rocke skikkeleg med gitaren når songen går mot slutten. 
 
Elvevane sitt med kvar sin gitar og sug til seg musikklærdom frå den engasjerte læraren. Han viser inspirasjonsvideoar av Jimi Hendrix, forel korleis Clapton trakterer gitaren og instruerer korrekt måte å ta akkordgrep. Inn i mellom gitarøktene lærar elevane gode strekketeknikkar for ikkje å bli stiv i fingrar og nakke. 
 
 - Dei kan skifte sikkert på tre akkordar no og då kan me spele ganske mange låtar, seier Oddbjørn entusiastisk. Kvifor vil du bruke tida di på dette? Det er jo så gøy og no byrjar dei jo å bli flinke også . Eg likar å sjå at dei meistar gitaren.
 

Maurtua Rockeband
Oddbjørn trakterer fleire instrument og har planar om å utvida verkstaden. Håpet er å få til eit 
skikkeleg band med slagverk, bass og synth i tillegg til gitaren. 

Kulturtilbodet er nesten for godt til å vera sant. Håpar mange fleire vil bli med inn i musikkverda til Oddbjørn framover. 

 

 
Sjå video frå Gitarverkstaden
(mov)

 

Video i mp4

 
 
 

Tekst/Foto O.Eide

Publ. 12.05.17

 

 
 
 
 
  Tilbake

 

Eldre nyhende
30.08.2017
Program - folkemøte om bustadtomter og veg
Laurdag 2. september frå kl. 14.00
Les meir
28.08.2017
Festdag i Bondhusdalen
Glitrande sol og glitrande humør
Les meir
18.08.2017
Førehandsrøysting
Stortingsval og Sametingsval 2017 
Les meir
12.08.2017
Folgefonna Opp og Maurangerdag
Velkomen til ein festdag i ly av Folgefonna
Les meir

Sponsor Lenkjer
Statkraft
Sjøtroll havbruk as
Lio Sag & Treforedling
Norsafe
Gjetingsdalen Kraft AS
Folgefonni Breførarlag
Lokalavisa Grenda
Gjerde Kraft
Mauranger Stein
Dalelvo Kraft As
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS - Design: Ibox AS